Studentmållaget i Oslo

Her er du: Studentmållaget i Oslo > Bibelen > Det Gamle Testamentet > Josva

Josva

1. kapitlet

1 Då Moses, Herrens tenar, var slokna, då tala Herren soleis til Josva Nunsson, fylgjesveinen hans:

2 «Moses, tenaren min, er slokna. Gjer deg no reidug og far med alt dette folket yver Jordanåi til det landet som eg vil gjeva Israels-sønerne!

3 Kvar staden de set foten på, gjev eg dykk, soleis som eg sagde med Moses:

4 Frå øydemarki og Libanon der nord til Storelvi, Eufrat, yver heile Hetitarlandet, alt til det store havet der soli glader, skal riket dykkar nå.

5 I alle dine livedagar, skal ingen vera mann til å standa seg mot deg. Eg skal vera med deg, liksom eg var med Moses; aldri skal eg sleppa deg og aldri forlata deg.

6 Ver sterk og stød! For du skal hjelpa dette folket til å vinna det landet som eg lova federne deira å gjeva deim.

7 Ver du berre retteleg sterk og stød, so du aldri gløymar å halda deg etter heile den lovi som Moses, tenaren min, lærde deg! Vik ikkje av ifrå den, korkje til høgre eller vinstre! Då kjem du til å stella deg visleg i all di ferd.

8 Hav allstødt denne lovi på tunga, og grunna på henne natt og dag, so du kjem i hug å liva etter alt det som der stend skrive! Då skal du hava lukka med deg på vegarne dine; for då fer du visleg fram.

9 Du veit eg hev sagt deg at du skal vera sterk og stød, ikkje ræddast og ikkje fæla; for Herren, din Gud, er med deg, kvar du fær.»

10 Då tala Josva til formennerne for lyden og sagde:

11 «Gakk kring i lægret og seg so til folket: «No lyt de laga til ferdakost åt dykk: for um tri dagar skal de fara yver Jordan, so de kann koma inn og eigna til dykk det landet som Herren, dykkar Gud, vil gjeva dykk!»»

12 Og til rubenitarne og gaditarne og helvti av Manasse-ætti tala han so:

13 «Kom i hug kva Moses, Herrens tenar, sette dykk fyre då han sagde: «Herren, dykkar Gud, vil at de skal koma til ro; difor gjev han dykk dette landet.»

14 No skal konorne og borni dykkar og bufeet verta verande i det landet som Moses gav dykk austanfor Jordan; men sjølve lyt de, so mange av dykk som er fullgode stridsmenner, fara herbudde fyre brørne dykkar og hjelpa deim,

15 til dess Herren let deim og koma til ro liksom de, og dei hev eigna til seg det landet som Herren, dykkar Gud, vil gjeva deim; då skal de fara heim att og busetja dykk i dykkar eige land, det som Moses, Herrens tenar, gav dykk her på austsida av Jordan.»

16 Då svara dei Josva so: «Alt du hev sagt til oss, skal me gjera, og kvar du sender oss, skal me ganga.

17 Liksom me lydde Moses i alle ting, soleis vil me og lyda deg, berre Herren, din Gud, er med deg, som han var med Moses.

18 Den som set seg upp imot bodi dine og ikkje lyder deg i alt du segjer han fyre, han skal døy. Ver du berre sterk og stød!»

2. kapitlet

1 Josva Nunsson sende i løynd tvo spæjarar ut frå Sittim, og sagde til deim: «Tak av stad, og sjå dykk um i landet, helst i Jeriko!» So for dei i veg, og då dei kom fram, gjekk dei inn til ei skjøkja som heitte Rahab, og der fekk dei hus.

2 Då vart det sagt kongen i Jeriko at nokre israelitiske menner var komne der um kvelden og vilde spæja ut landet.

3 So sende kongen bod til Rahab, og sagde: «Kom fram med dei mennerne som er komne til deg, og som du hev lånt hus! Dei vil spæja ut heile landet; det er det dei er komne for.»

4 Men kvinna tok og løynde båe mennerne, og so sagde ho: «Ja, det er fulla so at det kom nokre menner til meg, men eg visste ikkje kvar dei var ifrå;

5 og i skumingi, då porten skulde stengjast, tok dei ut att; eg veit ikkje kvar dei for av. Nøyt dykk og set etter deim, so tek de deim nok att!»

6 Dette sagde ho; men ho hadde sjølv fylgt deim upp på taket, og løynt deim under noko lin som ho hadde breidt utyver der.

7 So tok kongsmennerne ut, og sette etter deim på vegen til Jordan, burtåt vadi; og porten vart stengd med same dei var farne.

8 Fyrr ferdamennerne hadde lagt seg til å sova, kom Rahab upp på taket

9 og sagde til deim: «Eg veit at Herren hev gjeve dykk dette landet. For dykkar skuld hev det kome ein otte yver oss, og alle som bur her i landet, er so rædde dykk at dei skjelv.

10 For me hev fenge spurt at Herren turka ut Sevhavet framfyre dykk då de for frå Egyptarland, og me hev høyrt kva de gjorde med båe amoritarkongarne på hi sida Jordan, Sihon og Og, dei som de bannstøytte.

11 Då me høyrde det, kolna me all igjenom, so rædde vart me, og no finst det ingen meir som hev hug til å møta dykk; for Herren, dykkar Gud, han er Gud både uppi himmelen og nedpå jordi.

12 So sver meg no ved Herren, at sidan eg hev gjort vel imot dykk, so skal de gjera vel mot folket mitt, og gjev med trygd for

13 at de vil spara foreldri og syskini mine og alt husfolket deira, og berga livet vårt!»

14 Då sagde mennerne: «Med vårt eige liv skal me svara for livet dykkar, so sant de ikkje let nokon få vita kva ærend me fer i; og når Herren gjev oss dette landet, so skal me vera trugne og gjera vel mot deg.»

15 So fira ho deim med eit reip ned frå vindauga; for ho budde attmed bymuren, og huset hennar gjekk i eitt med muren.

16 Og ho sagde til deim: «Far no til fjells, so de ikkje møter deim som leitar etter dykk, og haldt dykk løynde der i tri dagar, til dei kjem att; sidan kann de fara kvar de vil.»

17 Då sagde mennerne til henne: «Gjer du ikkje som me no segjer, so held me oss for løyste frå den eiden du let oss sverja:

18 Når me kjem inn i landet, skal du binda denne raude snori i vindauga som du fira oss ned frå, og so skal du samla foreldri og brørne dine og alt skyldfolket ditt i huset hjå deg.

19 Gjeng då nokon ut or husdøri di, so er det hans eigi skuld um han vert drepen, og me er skuldlause; men vert det lagt hand på nokon av deim som er i huset hjå deg, so skal me svara for livet hans.

20 Og talar du til nokon um ærendi vår, so er me og løyste frå den eiden du tok av oss.»

21 «Det skal vera som de segjer,» svara ho. So bad ho farvel med deim, og dei gjekk. Sidan batt ho den raude snori i vindauga.

22 Dei gjekk til dei kom upp i fjellet; der heldt dei seg i tri dagar, til dei som hadde sett etter deim, var attkomne; dei hadde leita etter heile vegen, men ingen funne.

23 So tok dei tvo ferdamennerne på heimvegen og gjekk ned frå fjellet, og sette yver elvi, og kom til Josva Nunsson, og sagde frå um alt det som hadde hendt deim.

24 «Herren hev gjeve heile landet i våre hender,» sagde dei til Josva, «og alle som bur der, er so rædde oss at dei skjelv.»

3. kapitlet

1 Morgonen etter reis Josva tidleg upp, og tok ut frå Sittim med alle Israels-folket; og dei kom til Jordan, og var der um natti, fyrr dei gjekk yver.

2 For då tri dagar var lidne, gjekk formennerne kring i lægret

3 og tala soleis til folket: «Når de ser sambandskista åt Herren dykkar Gud, og Levi-prestarne som ber henne, so skal de fara av stad, og fylgja etter henne,

4 so de kann vita kva leid de skal taka; for den vegen hev de ikkje fare fyrr. Men det lyt vera eit godt stykke millom dykk og sambandskista, tvo tusund alner på lag; kom henne ikkje for nær!»

5 So sagde Josva til folket: «Helga dykk no! for i morgon vil Herren gjera underfulle ting imillom dykk.»

6 Og til prestarne sagde han: «Tak sambandskista og far fram fyre folket!» So tok dei sambandskista og gjekk fyre folket.

7 Og Herren sagde til Josva: «I dag vil eg taka til og gjera deg stor framfor augo åt heile Israel, so dei skal sjå at eg er med deg, liksom eg var med Moses.

8 Seg no du so til prestarne som ber sambands: «Når de kjem heilt nedåt Jordan, skal de verta standande der, nedmed åi!»»

9 Då sagde Josva til Israels-sønerne: «Kom og høyr ordi frå Herren, dykkar Gud!

10 Dette», sagde Josva, «skal de hava til merke på at den livande Gud er midt imillom dykk, og at han skal driva burt for dykk både kananitarne og hetitarne og hevitarne og perizitarne og girgasitarne og amoritarne og jebusitarne:

11 Sambandskista åt honom som råder yver all jordi, skal fara fyre dykk ut i Jordan.

12 Vel no ut tolv menner av Israels-ætterne, ein for kvar ætt!

13 Og når prestarne som ber sambandskista åt Herren som råder yver all jordi, når dei stig med foten ut i Jordan, då skal Jordanvatnet - det som kjem ovantil - demmast upp, so det stend som ein vegg.»

14 So tok folket ut frå tjeldbuderne sine og skulde ganga yver Jordan, og prestarne som bar sambandskista, gjekk fyre deim;

15 og då desse same prestarne som bar sambandskista, var komne til Jordan og so vidt hadde duppa foten i elvevatnet - men Jordan gjeng heile våren i bakkefylla -

16 då stana det vatnet som kom ovantil, og stod som ein vegg alt uppmed Adam, den byen som ligg jamsides med Saretan, og det som rann nedetter til Moavatnet, eller Saltsjøen, vart reint burte. So gjekk folket yver åi midt for Jeriko.

17 Men prestarne som bar sambandskista åt Herren, vart standande på turre botnen midt i Jordan, medan alle israelitarne gjekk turrskodde yver åi, til heile folket var kome vel yver.

4. kapitlet

1 Då alt folket var kome vel yver Jordan, då tala Herren soleis til Josva:

2 «Vel dykk ut tolv menner av folket, ein or kvar ætt,

3 og seg til deim at dei skal taka upp tolv steinar av deim som ligg her midt i Jordan, på den staden der prestarne stend stille; desse steinarne skal dei bera med seg yver, og leggja deim ned der som de kjem til å lægra dykk i natt.»

4 Då kalla Josva til seg dei tolv mennerne som han hadde kåra ut millom Israels-sønerne, ein or kvar ætt,

5 og sagde til deim: «Far framfyre sambandskista åt Herren dykkar Gud, til de kjem midt ut i Jordan! Der skal de taka kvar sin stein upp på herdi, etter talet på Israels-ætterne.

6 Dei steinarne skal vera til eit minnesmerke hjå dykk. Når borni dykkar ein gong spør: «Kva tyder det at desse steinarne stend her?»

7 då skal de svara: «Jordanvatnet kvarv burt framfyre sambandskista åt Herren; då ho for ut i Jordan, vart vatnet burte; og desse steinarne skal for Israels-sønerne vera til eit ævelegt minne um dette.»»

8 Israels-sønerne gjorde som Josva sagde, og tok midt uti Jordan tolv steinar, etter talet på Israels-ætterne, soleis som Herren hadde sagt til Josva, og bar deim med seg yver til nattlægret og lagde deim ned der.

9 Og midt i Jordan, der dei prestarne som bar sambandskista stod, reiste Josva upp tolv andre steinar; dei hev stade der til denne dag.

10 Prestarne som bar sambandskista, vart standande midt i Jordan, til det var gjort alt det som Herren hadde sagt med Josva at han skulde tala til folket um, etter alle dei fyresegnerne som Moses hadde gjeve Josva. Og folket skunda seg yver.

11 Då no alt folket var kome vel fram, for Herrens sambandskista og prestarne og yver, og tok att romet sitt framanfor folket.

12 Og Rubens-sønerne og Gads-sønerne og helvti av Manasse-ætti for fullvæpna fyre dei andre Israels-sønerne, soleis som Moses hadde sagt til deim;

13 dei var um lag fyrti tusund herbudde menner som for Herrens åsyn drog fram til strid på Jerikomoarne.

14 Den dagen gjorde Herren Josva stor framfor augo åt heile Israel, og sidan bar dei age for honom so lenge han livde, liksom dei hadde bore age for Moses.

15 So sagde Herren til Josva:

16 «Seg til prestarne som ber lovtavlekista at dei skal stiga upp or Jordan!»

17 Og Josva sagde til prestarne: «Stig upp or Jordan!»

18 Og med same prestarne som bar Herrens sambandskista, steig upp or Jordan og so vidt hadde sett foten på turre strandi, då kom åi veltande att i faret sitt, og gjekk i bakkefylla som fyrr.

19 Det var tiande dagen i den fyrste månaden at folket steig upp or Jordan. Dei lægra seg attmed Gilgal, lengst aust i Jerikobygdi.

20 Og der reiste Josva dei tolv steinarne som dei hadde teke med seg frå Jordan.

21 Og han sagde til Israels-sønerne: «Når borni dykkar ein gong spør federne sine: «Kva er dette for steinar?»

22 so skal de segja deim det: «Israels-folket gjekk turrskodde yver Jordan her,» skal de segja,

23 «av di Herren, dykkar Gud, turka ut åi framfyre dykk, medan de gjekk yver, liksom han turka ut Sevhavet for oss då me for yver det,

24 so alle folkeslag på jordi skulde sjå at Herrens hand er sterk, og de alle dagar skulde ottast Herren, dykkar Gud.»»

5. kapitlet

1 Alle amoritarkongarne vestanfor Jordan og alle kananitarkongarne utmed havet vart so rædde at dei reint vilde uvita då det spurdest at Herren hadde turka ut Jordan for Israels-folket medan dei for yver, og dei hadde ingen hug meir til å taka att med Israels-sønerne.

2 I det same bilet sagde Herren til Josva: «Gjer deg steinknivar og umskjer Israels-sønerne att!»

3 So gjorde Josva seg steinknivar og umskar Israels-sønerne på ein haug som sidan vert kalla Huvudhaugen.

4 Men at Josva laut umskjera deim, det hadde seg so: Alt folket som for frå Egyptarland, alle karar, alle våpnføre menner, hadde døytt burt i øydemarki på vegen frå Egyptarland.

5 No var alle dei som for frå Egyptarland umskorne, men av deim som vart fødde på ferdi i øydemarki, var ingen umskoren.

6 For i fyrti år laut Israels-sønerne ferdast i øydemarki, til dess heile folket, alle våpnføre menner som for frå Egyptarland, var daude og burte; dei vilde ikkje lyda Herrens ord, difor svor han deim til at dei ikkje skulde få sjå det landet han hadde lova federne deira å gjeva oss, eit land som fløymer med mjølk og honning.

7 Men i staden for deim let han borni deira veksa upp; deim var det Josva umskar; for dei gjekk endå med huvehold, av di dei ikkje hadde vorte umskorne på ferdi.

8 Då dette var frå seg gjort, og heile folket var umskore, heldt dei seg i ro i lægret til såri hadde batna.

9 Og Herren sagde til Josva: «I dag hev eg velt av dykk egyptarskammi.» Sidan hev den staden vore kalla Gilgal alt til denne dag.

10 Medan Israels-sønerne låg i læger attmed Gilgal, heldt dei påske på Jerikomoarne den fjortande dagen i månaden, um kvelden.

11 Og dagen etter påske åt dei av landsens grøda; usyrt brød og steikte aks åt dei den dagen.

12 Same dagen traut manna; for no åt Israels-folket av landsens grøda, og sidan fekk dei ikkje meir manna, men tok same året til å eta av det som var avla i Kana’ans-landet.

13 Då Josva var innmed Jeriko, hende det honom noko: Best som han lyfte upp augo, vart han var ein mann som stod beint framfyre honom med eit drege sverd i handi. Då gjekk Josva burt til mannen og sagde: «Er du av våre folk, eller høyrer du til fienden?»

14 «Nei», svara han, «eg er hovdingen yver Herrens her. No er eg komen.» Josva fall på kne og bøygde seg til jordi og sagde: «Kva hev herren min å segja tenaren sin?»

15 Då svara hovdingen yver Herrens her: «Drag skoen av foten din! for den staden du stend på, er heilag.» Og Josva gjorde so.

6. kapitlet

1 I Jeriko læste dei portarne og stengde seg inne for Israels-sønerne skuld; ingen gjekk ut, og ingen kom inn.

2 Men Herren sagde til Josva: «Sjå no gjev eg Jeriko i dine hender, med kongen og kjemporne hans!

3 Lat alt herfolket ganga rundt ikring byen ei venda um dagen; so skal du gjera i seks dagar;

4 og sju prestar skal bera sju stridslurar framfyre sambandskista. Men den sjuande dagen skal de ganga sju vendor kring byen, og prestarne skal blåsa i lurarne.

5 Og når stridshornet tek til å ljoma med lange tonar, og de høyrer lurljoden, skal heile heren setja i og ropa so sterkt dei kann; då skal muren ramla ned, so folket kann stiga yver han, beint inn i byen.»

6 Då kalla Josva Nunsson på prestarne og sagde til deim: «No skal de taka sambandskista og bera henne, og sju prestar skal bera sju stridslurar framfyre Herrens kista.»

7 Og til folket sagde han: «Tak no i veg og gakk kringum byen! Dei herbudde skal ganga framfyre Herrens kista!»

8 Då Josva hadde sagt dette til folket, gjekk dei i vegen dei sju prestarne som bar dei sju stridslurarne for Herrens åsyn; dei bles i lurarne, og Herrens sambandskista fylgde etter deim.

9 Dei herbudde gjekk fyre prestarne som bles i lurarne, og dei som var attarst i ferdi, gjekk etter sambandskista, og lurarne ljoma i eino.

10 Men Josva sagde til folket: «De må ikkje ropa, og ikkje lata upp målet! Ikkje eit ord må koma frå munnen dykkar, fyrr den dagen eg segjer til dykk: «Ropa no!» Då skal de ropa.»

11 So for Herrens kista heilt ikring byen ei venda; sidan drog dei inn i lægret og var der um natti.

12 Morgonen etter var Josva tidleg uppe, og prestarne tok og bar Herrens kista.

13 Og dei sju prestarne bar dei sju stridslurarne framfyre Herrens kista og bles alt i eitt i lurarne. Dei herbudde gjekk fyre deim, og dei som attarst var, gjekk etter Herrens kista, medan lurarne ljoma i eino.

14 Soleis for dei den andre dagen ei venda kring byen og gjekk so attende til lægret. So gjorde dei i seks dagar.

15 Den sjuande dagen reis dei upp med same det tok til å dagast, og gjekk sju vendor kring byen; dei for like eins åt som fyrr, berre at dei den dagen gjekk sju vendor kring byen.

16 Då no prestarne bles i lurarne den sjuande gongen, då sagde Josva til folket: «Ropa no! For Herren hev gjeve dykk byen.

17 Og byen med alt det som i honom er, skal vera vigd til Herren og bannstøytt. Berre Rahab, skjøkja, og alle som er i huset hjå henne, skal få liva, for di ho løynde dei mennerne me sende ut.

18 Agta no de dykk berre for det som er vigt, so de ikkje fyrst vigjer og sidan tek av det vigde, og soleis fører forbanning og ulukka yver Israels-lægret.

19 Men alt sylvet og gullet og alle ting som er av kopar eller jarn, skal helgast til Herren og koma i Herrens skattkammer.»

20 So tok folket til å ropa, og dei bles i lurarne; og då folket høyrde lurljoden, sette dei i med eit øgjeleg herskrik; då ramla muren ned, og folket steig beint inn i byen, og då dei hadde teke honom,

21 bannstøytte dei alt som fanst der; både menner og kvinnor, både unge og gamle, både uksar og sauer og asen hogg dei ned.

22 Men Josva sagde til dei tvo mennerne som hadde njosna der i landet: «Gakk inn i huset åt skjøkja og få med dykk ut både kvinna sjølv og alt folket hennar, soleis som de hev lova henne!»

23 So gjekk dei inn, dei unge mennerne som hadde vore der og njosna, og dei henta Rahab og foreldri og brørne hennar og alle andre som høyrde til ætti: alt skyldfolket hennar henta dei ut og fann deim ein verestad utanfor Israels-lægret.

24 Byen brende dei upp med alt som i honom var; men sylvet og gullet og alle ting som var av kopar eller jarn, lagde dei ned i skattkammeret i Herrens hus.

25 Josva let Rahab, skjøkja, få liva, og heile huslyden og alt skyldfolket hennar, og sidan hev ho og ætti hennar fenge bu millom Israels-folket alt til denne dag, for di ho løynde dei mennerne som Josva hadde sendt av stad til å njosna i Jeriko.

26 Den gongen lyste Josva ei våbøn, og kvad: «Til vå og våde vere vigd den mannen som vågar byggja upp av nyom byen Jeriko! Når han hev tufta, tape han den fyrste sonen, som han fekk! Og når han set inn portarne, misse han yngste sonen sin!»

27 Soleis var Herren med Josva, og det gjekk gjetord um honom yver heile landet.

7. kapitlet

1 Men Israels-sønerne for ikkje ærleg åt med det som var vigt til Herren. Akan, son åt Karmi, som var son åt Zabdi og soneson åt Zerah av Juda-ætti, tok noko av det vigde. Då vart Herren brennande harm på Israels-sønerne.

2 Frå Jeriko sende Josva nokre menner til Aj, som ligg tett innmed Bet-Aven, austanfor Betel, og sagde til deim: «Far upp og njosna i landet!» So for mennerne upp og njosna i Aj.

3 Og då dei kom attende til Josva, sagde dei med honom: «Lat ikkje alt folket fara der upp! Send tvo, tri tusund mann, so tek dei Aj! Du treng ikkje umaka heile heren dit; for dei er ikkje mange.»

4 So for um lag tri tusund mann av heren der upp; men dei rømde for Aj-mennerne,

5 og Aj-mennerne slo i hel um lag seks og tretti av deim, og sette so etter deim frå porten til steinbrotet, og hogg deim ned i bakkarne. Då kolna Israels-sønerne all igjenom, og vart som dei var numne.

6 Og Josva reiv sund klædi sine og låg på kne framfor Herrens kista alt til kvelds, både han og styresmennerne i Israel, og dei strådde mold på hovudi sine.

7 Og Josva sagde: «Herre, min Gud, kvi førde du dette folket yver Jordan, når du vilde gjeva oss i henderne på amoritarne, so dei skulde tyna oss? Gjev me heller hadde vorte buande på hi sida Jordan!

8 Å kjære Herre min, kva skal eg segja no, når Israel hev snutt ryggen til fienden?

9 Når kananitarne og alle andre som bur her i landet, fær høyra dette, so kjem dei til å kringsetja oss og rydja namnet vårt ut or verdi, og kva vil du då gjera med ditt store namn?»

10 Då sagde Herren til Josva: «Statt upp! Kvi ligg du her på kne?

11 Israel hev synda! Dei hev brote det bodet eg lagde på deim, og teke av det som var vigt, og stole det og dult det burt, og gøymt det millom sine eigne ting.

12 No kann dei ikkje Israels-sønerne standa seg mot fienden, men lyt snu ryggen til deim; for dei er sjølve vigde til ulukka. Kvittar de dykk ikkje med det som er vigt, so vil eg ikkje vera med dykk lenger.

13 Statt no upp! Lat folket helga seg, og seg til deim: «Helga dykk til morgons! For so segjer Herren, Israels Gud: Det er noko vigt hjå deg, Israel! Du kann ikkje standa deg mot fiendarne fyrr de kvittar dykk med det som er vigt.

14 Tidleg i morgon skal de stiga fram, ætt for ætt, og den ætti som Herren tek ut, skal stiga fram grein for grein, og den ættgreini Herren tek ut, skal stiga fram, hus for hus, og den huslyden Herren tek ut, skal stiga fram mann for mann.

15 Og den som det vigde vert funne hjå, skal brennast med alt sitt, for di han braut Herrens bod, og gjorde eit skjemdarverk i Israel.»»

16 Morgonen etter reis Josva tidleg upp, og let Israels-folket stiga fram, ætt for ætt; og Juda-ætti vart utteki.

17 So let han ættgreinene i Juda stiga fram, og zerahit-greini vart utteki. So let han zerahit-greini stiga fram, mann for mann, og Zabdi vart utteken.

18 So let han huslyden hans stiga fram mann for mann, og Akan, son åt Karmi, som var son åt Zabdi og soneson åt Zerah av Juda-ætti, vart utteken.

19 Då sagde Josva til Akan: «Min son, gjev Herren, Israels Gud, æra og pris, og seg meg kva du hev gjort! dyl ingen ting for meg!»

20 «Å ja, ja, eg hev synda mot Herren, Israels Gud,» svara Akan; «no skal eg segja kva eg hev gjort:

21 Eg såg millom herfanget ei ven babylonsk kåpa og tvo hundrad sekel sylv og ei gullstong på femti lodd; dette fekk eg hug på og tok det; det ligg nedgrave under tjeldbudi mi; sylvet ligg underst.»

22 So sende Josva nokre menner av stad; dei sprang burt til tjeldbudi hans, og der fann dei det; det låg nedgrave i tjeldbudi, og sylvet låg underst.

23 Dei tok det ut or tjeldbudi og bar det med seg til Josva og Israels-lyden og lagde det ned framfor Herrens åsyn.

24 Og Josva og heile Israel tok Akan, zerahiten, og sylvet og kåpa og gullstongi, og sønerne og døtterne hans, og ukserne og asni og småfeet og tjeldbudi hans og alt det han åtte, og førde det upp i Akordalen.

25 Og Josva sagde til honom: «Kvi førde du slik ulukka yver oss? I dag skal Herren føra ulukka yver deg!» So tok heile Israel og steina honom i hel og brende og steina alt som høyrde honom til.

26 Sidan kasta dei i hop ei stor steinrøys yver honom; den hev lege der alt til denne dag. Då døyvde Herren den brennande harmen sin. Men sidan vart den staden kalla Akordalen, og det namnet hev han den dag i dag.

8. kapitlet

1 So sagde Herren til Josva: «Ottast ikkje og ver ikkje rædd! Tak med deg alt stridsfolket, og gjer deg reidug og far upp mot Aj! For no vil eg gjeva Aj-kongen i dine hender, og folket og byen og landet hans,

2 og du skal fara like eins med Aj og kongen der som du for med Jeriko og den kongen; men herfanget og bufeet, det kann de eigna til dykk. Lat nokre av folki dine leggja seg i løynlega attanfor byen!»

3 Då gjorde Josva seg reidug til å fara upp mot Aj med heile heren. Han valde ut tretti tusund mann, djerve karar; dei sende han av stad um natti,

4 og sagde til deim: «Høyr her: no skal de leggja dykk i løynlega attanfor byen, ikkje svært langt ifrå honom, og halda dykk reiduge alle saman.

5 Men eg og alt folket som er med meg, me vil ganga tett innåt byen, og når dei fer ut imot oss, som dei gjorde fyrre gongen, so skal me låst røma for deim.

6 Då kjem dei til å setja etter oss, til me hev fenge lokka deim burt ifrå byen; for dei tenkjer med seg: «Dei rømer for oss no som fyrr!» Men medan me rømer,

7 skal de koma fram or løynlega og taka byen; for no vil Herren dykkar Gud gjeva honom i henderne dykkar.

8 Og når de hev teke byen, skal de setja eld på honom; de skal gjera etter Herrens ord! No hev de høyrt kva det er de skal gjera.»

9 So sende Josva dei i veg, og dei gjekk av og fann seg ein løynstad, og der lagde dei seg til; det var millom Betel og Aj, vestanfor Aj. Men sjølv var Josva hjå folket den natti.

10 Morgonen etter reis Josva tidleg upp og mynstra heren, og for so saman med styresmennerne i Israel fyre heren upp til Aj;

11 og alt stridsfolket som var med honom, tok i vegen, og gjekk fram til dei kom midt for Aj; der lægra dei seg, nordanfor byen, so dalen var millom den og deim.

12 So tok Josva um lag fem tusund mann og let deim leggja seg i løynlega millom Betel og Aj, vestanfor Aj.

13 Og då dei hadde fylkt heren, både den som lægra nordanfor byen, og den attare flokken, som låg vestanfor, for Josva same natti midt ned i dalen.

14 Då kongen i Aj såg det, skunda han seg ut tidleg um morgonen, både han og bymennerne, alt herfolket hans, og vilde møta israelitarne og stridast med deim på den staden dei hadde avtala, framanfor moen; men han visste ikkje at det låg so mykje folk og lurde på honom attanfor byen.

15 Og Josva og heile Israel lest tapa for deim og rømde burtimot øydemarki.

16 Då vart alt folket i byen utbode til å setja etter deim, og medan dei sette etter Josva, kom dei lenger og lenger burt ifrå byen;

17 det fanst ikkje ein mann, korkje i Aj eller Betel, utan han drog ut etter israelitarne: dei let byen liggja open, og elte Israels-sønerne.

18 Då sagde Herren til Josva: «Rett spjotet som du held i handi, ut imot Aj; for eg vil gjeva byen i dine hender!» So rette Josva spjotet sitt ut imot byen.

19 Og med same han rette ut handi, sprang dei fram, dei som låg løynde, og for inn i byen, og tok honom, og dei sette eld på honom det snøggaste dei vann.

20 Best som no Aj-mennerne snudde seg og skoda attende, vart dei vare røyken som steig til vers ifrå byen; då såg dei seg ingi råd til å koma undan, korkje til ei sida eller onnor, av di den heren som hadde rømt åt øydemarki, den vende seg no um imot fienden.

21 For då Josva og israelitarne såg at dei frå løynlega hadde teke byen, og såg røyken stiga upp, då snudde dei um, og sette på Aj-mennerne;

22 og dei hine for til møtes med dei frå byen, so Aj-mennerne kom midt imillom israelitarne og fekk dei kring seg på alle sidor. Soleis vart dei nedhogne til siste mann; ingen vart att eller slapp undan

23 so nær som kongen; honom tok dei livande, og førde honom til Josva.

24 Då Israel hadde gjort det av med alle dei Aj-buarne som hadde sett etter deim ut i øydemarki, og fiendarne alle som ein var falne for sverdet, so vende dei att til Aj, og hogg ned alle som var der.

25 Den dagen fall det i alt tolv tusund menner og kvinnor, alt folket som åtte heime i Aj.

26 Josva tok ikkje til seg att handi som han heldt spjotet i, fyrr han hadde bannstøytt alle Aj-buarne.

27 Men bufeet og herfanget som israelitarne tok der i byen, eigna dei til seg, etter det som Herren hadde sagt med Josva.

28 Josva brende upp byen, og gjorde honom for alle tider til ein grushaug og ein øydestad, so som han hev vore til denne dag.

29 Kongen hengde han upp på eit tre, og der vart han hangande til kvelds; men då soli gladde, let han deim taka liket ned frå treet; so kasta dei det der, utfor byporten, og hauga i hop ei stor steinrøys yver det; den hev lege der alt til denne dag.

30 Den gongen bygde Josva eit altar for Herren, Israels Gud, på Ebalfjellet,

31 soleis som Moses, Herrens tenar, hadde sagt Israels-borni fyre, etter det som stend skrive i lovboki åt Moses, eit altar av heile steinar, som det ikkje hadde vore svinga jarn på; der ofra dei brennoffer til Herren og bar fram takkoffer.

32 Og på steinarne sette han ei avskrift av den lovi som Moses hadde skrive for augo åt Israels-sønerne.

33 Og heile Israel, både sjølve folket og dei framande, med styresmennerne og formennerne og domarane sine, stod på båe sidor av sambandskista, midt imot Levi-prestarne som bar Herrens kista, den eine helvti uppunder Garizimfjellet og den andre helvti uppunder Ebalfjellet, soleis som Moses, Herrens tenar, hadde sagt at Israels-sønerne skulde standa når dei fekk velsigningi.

34 So las han upp alle ordi i lovi, både velsigningi og våbøni, heiltupp soleis som det stend skrive i lovboki.

35 Det fanst ikkje eit ord av alt det Moses hadde sagt fyre, utan Josva las det upp for heile Israels-lyden med både kvinnor og born, og for dei framande som fylgdest med deim.

9. kapitlet

1 Då dette spurdest kom dei i hop alle kongarne som budde vestanfor Jordan, i fjellbygderne og på flatlandet og langsetter heile havstrandi til midt for Libanon - kongarne yver hetitarne og amoritarne og kananitarne og perizitarne og hevitarne og jebusitarne -

2 og dei lova alle med ein munn at dei vilde strida mot Josva og Israel.

3 Gibeon-buarne fekk og høyra kva Josva hadde gjort med Jeriko og Aj.

4 Då fann dei på ei sløg råd: dei tok ut på ei ferd og lest vera sendemenner; det dei førde med seg på asni sine, hadde dei i gamle sekkjer og gamle vinhitar, som var rivna og ihopatt-knytte.

5 Dei hadde gamle, lappa skor på føterne, og gjekk med slitne klæde; og alt nistebrødet deira var turt og smuldra.

6 Soleis kom dei til Josva i lægret attmed Gilgal, og sagde til honom og Israels-mennerne: «Me kjem frå eit land som ligg langt burte. Vil de ikkje gjera samband med oss?»

7 Men Israels-mennerne sagde til hevitarne: «De bur vel helst her tett innmed oss; korleis kann me då gjera samband med dykk?»

8 Då sagde dei til Josva: «Me vil vera tenarane dine.» «Kven er de, og kvar kjem de frå?» spurde han.

9 «Me er komne langt, langt burtantil frå eit anna land for det ordet skuld som gjeng um Herren din Gud», svara dei; «for då me høyrde gjete honom og fekk spurt alt det han hadde gjort i Egyptarland,

10 og kva han hadde gjort med båe amoritarkongarne på hi sida Jordan, Sihon, kongen i Hesbon, og Og, Basan-kongen, som budde i Astarot,

11 då sagde styresmennerne våre og heile landslyden til oss: «Nista dykk ut, og far til møtes med deim, og seg til deim: «Me vil vera tenarane dykkar; vil de ikkje gjera samband med oss?»»

12 Her ser de brødet vårt; det var varmt då me tok det med oss heimantil den dagen me for i veg og vilde finna dykk; men sjå no kor turt og smuldra det er!

13 Og her ser de vinhitarne; då me fyllte deim, var dei nye; men no er dei sundsprukne! Og her ser de klædi og skorne våre; dei hev vorte utslitne på denne endelause ferdi.»

14 Då tok Israels-mennerne og smaka på nista deira, men spurde ikkje Herren til råds.

15 Og Josva gjorde fred og samband med deim, og lova deim livet, og hovdingarne yver lyden gjorde eiden på det same.

16 Men tri dagar etter dei hadde gjort samband med Gibeon-folket, fekk dei vita at dei åtte heime i grannelaget og budde tett innmed deim.

17 For då Israels-sønerne tok ut att, kom dei tridje dagen til byarne deira; det var Gibeon og Ketira og Be’erot og Kirjat-Jearim.

18 Men dei gjorde ikkje folket der noko mein, av di hovdingarne hadde svore dei trygd ved Herren, Israels Gud. Då mukka heile lyden mot hovdingarne.

19 Men hovdingarne tala til lyden, og sagde: «Me hev svore dette folket trygd ved Herren, Israels Gud, og no kann me ikkje leggja hand på deim.

20 Høyr no kva me vil gjera med deim: Me vil spara livet deira, og ikkje brjota den eiden me svor deim; for då kallar me Guds vreide ned yver oss.

21 Dei lyt få liva,» sagde hovdingarne, «men dei skal vera vedhoggarar og vatsberarar for heile lyden.» Og det vart som hovdingarne sagde.

22 Og Josva kalla Gibeon-buarne fyre seg, og sagde til deim: «Kvi narra de oss og sagde at de åtte heime langt burte, og so bur de tett innmed oss!

23 No skal de vera forbanna! Ingen av dykk skal få sleppa utor trældomen; de skal allstødt hogga ved og bera vatn til huset åt min Gud.»

24 Då svara dei Josva so: «Det vart sagt oss for visst at Herren, din Gud, hadde lova Moses, tenaren sin, å gjeva dykk heile landet og rydja ut for dykk alle som budde der; då vart me so rædde for livet vårt; difor gjorde me dette.

25 Men no er me i dine hender; far åt med oss som du tykkjer det er godt og rett!»

26 Då gjorde han det so med deim; Han berga dei for Israels-sønerne, so dei ikkje vart drepne;

27 men samstundes sette han dei til å hogga ved og bera vatn for lyden og til altaret på den staden Herren valde seg ut, og det hev dei gjort alt til denne dag.

10. kapitlet

1 Då Adoni-Sedek, kongen i Jerusalem, fekk spurt at Josva hadde teke Aj og bannstøytt byen, og gjort like eins med Aj og kongen der som med Jeriko og den kongen, og at Gibeon-buarne hadde gjort fred med israelitarne og var i hop med deim,

2 då vart han og mennerne hans livande rædde; for Gibeon var ein stor by, som ein kongestad, og større enn Aj, og alle mennerne der var gode herfolk.

3 So sende Adoni-Sedek, kongen i Jerusalem, bod til Hoham, kongen i Hebron, og til Piream, kongen i Jarmut, og til Jafia, kongen i Lakis, og til Debir, kongen i Eglon, og sagde:

4 «Kom upp til meg, og hjelp meg, so skal me taka på Gibeon-folket for di dei hev gjort fred med Josva og Israels-sønerne!»

5 Då kom dei i hop desse fem amoritarkongarne, kongen i Jerusalem og kongen i Hebron og kongen i Jarmut og kongen i Lakis og kongen i Eglon, og for imot Gibeon med kvar sin her; og dei lægra seg utanfor byen og vilde taka honom.

6 Men Gibeon-mennerne sende bod til Josva i Gilgal-lægret, og sagde til honom: «Slå ikkje handi av oss! Kom upp til oss so fort du kann, og berga oss og hjelp oss! For alle amoritarkongarne som bur i fjellbygderne, hev slege seg i hop imot oss.»

7 So tok Josva ut frå Gilgal med alt herfolket og alle kjemporne sine.

8 Og Herren sagde til honom: «Ver ikkje rædd deim! Eg gjev deim i dine hender. Ikkje ein av deim skal vera mann til å standa seg mot deg.»

9 Josva kom brått yver deim, etter han hadde vore på vegen frå Gilgal heile natti.

10 Og Herren sette ein støkk i deim, so dei rauk reint for Israel attmed Gibeon. So sette Josva etter deim på vegen som ber upp til Bet-Horon, og hogg deim ned for fot, alt til Azeka og Makkeda.

11 Som dei no rømde for israelitarne og rett no var komne burt i Bet-Horonkleivi, sende Herren store steinar nedyver deim frå himmelen, so dei stupte daude burtetter heile vegen til Azeka; det var fleire som sette til av haglsteinarne enn som Israels-sønerne felte med sverdet.

12 Den gongen ropa Josva til Herren, då Herren gav amoritarne i Israels vald, og han kvad for heile Israel: «Statt still, du sol, i Gibeon, dryg, måne, i Ajjalons dal!»

13 Og soli stana, og månen stod, med folket tukta fiendarne sine. So veit me det stend skrive i boki åt den rettvise. Soli vart standande midt på himmelen og drygde mest ein heil dag, fyrr ho gjekk ned.

14 Og aldri anten fyrr eller sidan hev det vore nokon dag som denne, då Herren lydde eit manneord. For Herren stridde for Israel.

15 So for Josva med heile Israel attende til Gilgal-lægret.

16 Dei fem kongarne rømde og løynde seg i helleren attmed Makkeda.

17 Men folk kom og sagde til Josva: «Dei hev funne dei fem kongarne; dei hadde løynt seg i Makkedahelleren.»

18 Då sagde Josva: «Velt store steinar attfor hellermunnen, og set nokre menner til å halda vakt der!

19 Men sjølve må de ikkje stana. Set etter fienden og hogg ned deim som er attarst i ferdi! Lat dei ikkje få koma inn i byarne sine! For Herren, dykkar Gud, hev gjeve dei i dykkar hender.»

20 Då no Josva og Israels-sønerne hadde slege fiendarne i søkk og kav og gjort reint ende på deim, so berre nokre få slapp undan og fekk berga seg inn i dei faste byarne,

21 so kom heile heren uskadd attende til Josva i lægret attmed Makkeda, og det fanst ingen som torde knysta mot nokon av Israels-sønerne.

22 Då sagde Josva: «Tak burt stengslet frå helleren, og før dei fem kongarne ut til meg!»

23 So vart gjort; dei førde dei fem kongarne ut til han or helleren, kongen i Jerusalem og kongen i Hebron og kongen i Jarmut og kongen i Lakis og kongen i Eglon.

24 Og då dei hadde ført desse kongarne ut til Josva, kalla han saman alle Israels menner og sagde til herhovdingarne som hadde fylgt honom i striden: «Stig fram, og set foten på nakken åt desse kongarne!» Då steig dei fram og sette foten på nakken deira.

25 Og Josva sagde til deim: «De skal ikkje ottast og ikkje fæla! Ver sterke og djerve! For soleis vil Herren gjera med alle fiendar de kjem i strid med.»

26 Då han hadde sagt det, hogg han til kongarne og drap deim, og hengde deim upp i kvart sitt tre, og der vart dei hangande til kvelds;

27 men solegladsbil let Josva folki sine taka deim ned frå trei og kasta deim inn i den helleren dei hadde løynt seg i, og det vart lagt store steinar attfor hellermunnen; dei steinarne ligg der den dag i dag.

28 Same dagen tok Josva Makkeda, og øydde byen med odd og egg, og bannstøytte både kongen og kvart mannsbarn som der fanst; han let ingen vera att eller sleppa undan, og for like eins åt med Makkeda-kongen som han hadde gjort med kongen i Jeriko.

29 Frå Makkeda for Josva med heile Israels-heren til Libna. Han tok på Libna,

30 og Herren gav den byen og i Israels hender, og like eins kongen deira. Josva øydde byen med odd og egg, og tynte kvart liv som fanst der; han let ingen vera att eller sleppa undan, og med kongen for han åt som han hadde gjort med kongen i Jeriko.

31 Frå Libna for Josva med heile Israels-heren til Lakis. Han slo læger utanfor byen og søkte på honom.

32 Og Herren gav Lakis i Israels hender. Andre dagen tok dei byen og øydde honom med odd og egg, og tynte kvart liv som fanst der, heiltupp soleis som dei hadde gjort med Libna.

33 Då kom Horam, kongen i Geser, og vilde hjelpa Lakis-buarne. Men Josva hogg ned både honom og mennerne hans, so ingen vart att eller slapp undan.

34 So for Josva med heile Israels-heren frå Lakis til Eglon. Dei slo læger utanfor byen og søkte på honom;

35 og tok honom same dagen, og øydde honom med odd og egg. Den dagen bannstøytte Josva kvart liv som fanst i Eglon, heiltupp soleis som han hadde gjort med Lakis.

36 Frå Eglon for Josva med heile Israels-heren upp til Hebron. Dei søkte på byen,

37 og tok honom, og øydde med odd og egg både byen og bygderne ikring, og tynte kongen og kvart liv som fanst der, so ingen vart att eller slapp undan. Josva for i alle måtar like eins åt som han hadde gjort med Eglon, og bannstøytte byen med kvart liv som der var.

38 Sidan vende Josva seg mot Debir med heile Israels-heren. Han søkte på byen,

39 og tok både den og kongen som budde der, og alle bygderne ikring. Dei øydde alt med odd og egg og bannstøytte kvart liv som fanst der, so ingen vart att eller slapp undan. Josva for like eins åt med Debir og kongen der som han hadde gjort med Hebron og Libna og kongarne deira.

40 Soleis tok Josva heile landet, både fjellbygderne og Sudlandet og låglandet og liderne, og slo i hel alle kongarne som budde der; han let ingen vera att eller sleppa undan, men bannstøytte kvart livande liv, so som Herren, Israels Gud, hadde sagt honom fyre.

41 Alt som fanst millom Kades-Barnea og Gaza, og heile Gosenlandet alt til Gibeon, slo han under seg.

42 Og alle desse kongarne og riki deira vann han yver med ein gong; for Herren, Israels Gud, stridde for Israel.

43 Sidan for Josva med heile Israel attende til Gilgal-lægret.

11. kapitlet

1 Då Jabin, kongen i Hasor, fekk spurt dette, sende han bod til Jobab, kongen i Madon, og til kongen i Simron og kongen i Aksaf

2 og dei andre kongarne der nord, i fjellbygderne og på moarne sunnanfor Kinnerot og på låglandet og på Dorhøgderne utmed havet -

3 til kananitarne, både i aust og i vest, og til amoritarne og hetitarne og perizitarne og jebusitarne uppi fjelli, og hevitarne nedunder Hermon, i Mispalandet.

4 Då tok dei ut med alle herarne sine, ein hop so tett som sanden på havsens strand, med hestar og vogner i haugetal.

5 Alle desse kongarne sette einannan stemna, og for til Meromvatnet; der lægra dei seg alle i hop, og vilde stridast med Israel.

6 Då sagde Herren til Josva: «Ver ikkje rædd deim! I morgon dette bil legg eg deim alle drepne framfor augo åt Israel. Du skal skjera sund hasarne på hestarne deira og brenna upp vognerne!»

7 Josva og heile heren hans kom brått yver deim ved Meromvatnet, og tok på deim.

8 Og Herren gav deim i Israels hender; Israels-sønerne vann yver deim og sette etter deim alt til Stor-Sidon og Misrefot-Majim og i aust alt til Mispedalen, og hogg deim ned, so ingen vart att eller slapp undan.

9 Og Josva for åt med deim som Herren hadde sagt til honom; hestarne deira skar han hasarne sund på, og vognerne brende han upp.

10 Med so gjort snudde han um, og tok Hasor og hogg ned kongen som budde der; for Hasor var fyrr i tidi hovudstaden for alle desse riki.

11 Dei bannstøytte byen, og tynte med odd og egg kvart mannsbarn som der fanst; det vart ikkje livande liv att. Josva brende upp Hasor;

12 sidan tok han alle dei andre kongebyarne med kongarne deira, og øydde deim med odd og egg; han bannstøytte deim, soleis som Moses, Herrens tenar, hadde sagt honom fyre.

13 Men ingen av dei byarne som låg der på høgderne, sette israelitarne eld på; det var berre Hasor Josva brende upp.

14 Og alt herfanget og bufeet Israels-sønerne tok i desse byarne, eigna dei til seg; men folki tynte dei med odd og egg, til dei hadde rudt deim ut; dei sparde ikkje eit einaste liv.

15 Det som Herren hadde sagt Moses, tenaren, sin fyre, det hadde Moses sagt med Josva, og etter det gjorde Josva; han gløymde ikkje noko av alt det Herren hadde sagt til Moses.

16 Soleis tok Josva heile dette landet, både fjellbygderne og heile Sudlandet og heile Gosenlandet og låglandet og moarne og fjellbygderne i Israel og flatlandet som ligg nedunder deim,

17 frå svadknausen som ris upp yver Se’ir, til Ba’al-Gad i Libanonsdalen, nedunder Hermonfjellet; og alle kongarne der fanga han, og slo deim i hel.

18 I lang tid låg Josva i strid med alle desse kongarne.

19 Det fanst ingen by som gav seg under Israels-sønerne med gode, utan hevitarne i Gibeon; alt hitt tok dei med magt.

20 Herren laga det so at dei gjorde seg harde i hugen og møtte Israel i strid, av di han vilde at dei skulde bannstøytast og ingen nåde få, men øydast ut, soleis som han hadde sagt med Moses.

21 I den same tidi kom Josva og rudde ut anakitarne i fjellbygderne, i Hebron og Debir og Anab, og på heile Judafjellet og heile Israelsfjellet. Han bannstøytte både deim og byarne deira.

22 Ingen anakit vart att i Israelslandet, berre dei som var i Gasa og Gat og Asdod, fekk liva.

23 Josva lagde under seg heile landet, heiltupp soleis som Herren hadde sagt til Moses, og let israelitarne få det til odel og eiga etter sine folkegreiner og ætter, då landet var kome til ro etter ufreden.

12. kapitlet

1 Dei kongarne austanfor Jordan som Israels-sønerne vann yver og tok landet frå millom Arnonåi og Hermonfjellet, med alle moarne i aust,

2 det var fyrst Sihon, amoritarkongen, som budde i Hesbon og rådde yver landet nordanfor Aroer innmed Arnonåi - frå midt i åi - og yver helvti av Gilead til Jabbokåi, som er landskilet mot Ammons-sønerne,

3 og yver moarne på austsida, upp til Kinneretsjøen, og ned til Moavatnet eller Saltsjøen, burt imot Bet-ha-Jesjimot og sud under Pisgaliderne;

4 so var det riket åt Og, kongen i Basan, ein av deim som var att av kjempefolket; han budde i Astarot og Edre’i,

5 og rådde yver fjellbygderne kring Hermon, og yver Salka, og yver heile Basan, til landskilet mot gesuritarne og ma’akatitarne, og yver helvti av Gilead, til landskilet mot Sihon, kongen i Hesbon.

6 Det var dei som Moses, Herrens tenar, og Israels-borni hadde vunne yver; og Moses, Herrens tenar, let rubenitarne og gaditarne og den eine helvti av Manasse-ætti få landet deira til eigedom.

7 Og dei kongarne som Josva og Israels-sønerne vann yver i landet vestanfor Jordan, frå Ba’al-Gad i Libanonsdalen til svadknausen som ris upp imot Se’ir - det landet som Josva skifte ut åt Israels-ætterne, grein for grein -

8 i fjellbygderne og på låglandet og på moarne og i liderne og i øydemarki og i Sudlandet, kongarne yver hetitarne og amoritarne og kananitarne og perizitarne og hevitarne og jebusitarne,

9 det var: Kongen i Jeriko, ein, kongen i Aj, som ligg tett med Betel, ein,

10 kongen i Jerusalem, ein, kongen i Hebron, ein,

11 kongen i Jarmut, ein, kongen i Lakis, ein,

12 kongen i Eglon, ein, kongen i Geser, ein,

13 kongen i Debir, ein, kongen i Geder, ein,

14 kongen i Horma, ein, kongen i Arad, ein,

15 kongen i Libna, ein, kongen i Adullam, ein,

16 kongen i Makkeda, ein, kongen i Betel, ein,

17 kongen i Tappuah, ein, kongen i Hefer, ein,

18 kongen i Afek, ein, kongen i Lassaron, ein,

19 kongen i Madon, ein, kongen i Hasor, ein,

20 kongen i Simron-Meron, ein, kongen i Aksaf, ein,

21 kongen i Ta’anak, ein, kongen i Megiddo, ein,

22 kongen i Kedes, ein, kongen i Jokneam innmed Karmel, ein,

23 kongen i Dor på Dorhøgderne, ein, kongen yver Gojim attmed Gilgal, ein,

24 kongen i Tirsa, ein, i alt ein og tretti kongar.

13. kapitlet

1 No var Josva gamall vorten og ut i åri komen, og Herren sagde til honom: «No er du gamall og langt fram i åri; men endå er det ovmykje land att å taka.

2 Det som er att er alle filistarkvervarne og heile Gesuritarlandet,

3 frå den kvisli som renn frammed Egyptarland og Ekronskiftet i nord; skal reknast til Kana’an, både dei fem filistarfyrstarne i Gasa og Asdod og Askalon og Gat og Ekron, og avitarne,

4 som bur sunnanfor deim. So er det heile Kana’anitarlandet, frå Meara, som ligg under Sidon, til Afek, til skiftet med amoritarne,

5 og Giblitarlandet, og heile austsida av Libanon, frå Ba’al-Gad nedunder Hermonfjellet til Hamatvegen,

6 alle dei som bur i fjellbygderne, frå Libanon til Misrefot-Majim, alle sidonarane. Sjølv vil eg driva deim ut for Israel. Men drag no du strå for Israels-sønerne, so dei fær desse bygderne til odel og eiga, soleis som eg hev sagt deg!

7 Skift ut dette landet til dei ni ætterne og den eine helvti av Manasse-ætti.»

8 Saman med Manasse-ætti hadde rubenitarne og gaditarne fenge odelslandet sitt, det som Moses gav deim, på austsida av Jordan, soleis som Moses, Herrens tenar, gav deim det:

9 alt som låg nordanfor Aroer innmed Arnon og byen i dalen, og heile Medbasletta, radt til Dibon,

10 og alle byarne åt Sihon, amoritarkongen, han som hadde kongssætet sitt i Hesbon, radt til skiftet med Ammons-sønerne,

11 og Gilead, og Gesuritarlandet og Ma’akatitarlandet og heile Hermonfjellet og heile Basan alt til Salka,

12 heile riket åt Og i Basan, han som hadde kongssætet sitt i Astarot og Edre’i; han var den siste av kjempefolket. Moses vann yver desse kongarne, og tok landet deira.

13 Men Israels-sønerne dreiv ikkje ut gesuritarne og ma’akatitarne; dei hev vorte buande millom Israels-folket alt til denne dag.

14 Det var berre Levi-ætti han ikkje gav noko odelsland; offerretterne åt Herren, Israels Gud, skulde vera deira odel, soleis som han hadde lova deim.

15 Fyrst let Moses Rubens-sønerne og ættgreinerne deira få sin lut.

16 Dei fekk landet nordanfor Aroer innmed Arnon og byen i dalen, og heile høgsletta kring Medba,

17 Hesbon og alle byarne som til høyrde og låg på høgsletta: Dibon og Bamot-Ba’al og Bet-Ba’al-Meon

18 og Jahsa og Kedemot og Mefa’at

19 og Kirjatajim og Sibma, og so Seret-Hassahar på berget i dalen

20 og Bet-Peor og Pisgaliderne og Bet-ha-Jesjimot -

21 alle byarne på høgsletta, og heile riket åt Sihon, amoritarkongen, som hadde kongssætet sitt i Hesbon. Det var han som Moses vann yver same gongen som han felte Midjans-hovdingarne, Evi og Rekem og Sur og Hur og Reba, som var jarlarne åt Sihon og hadde bustad der i landet;

22 og Bileam Beorsson, spåmannen, var og millom dei falne, deim som Israels-sønerne drap med sverdet.

23 Fylkesdeilet åt Rubens-borni fylgde Jordanåi; ho var skifte. Dette var det landet Rubens-sønerne og ættgreinerne deira fekk til odel og eiga med byar og bygder.

24 So let Moses Gads-ætti, Gads-sønerne og ættgreinerne deira, få sin lut.

25 Det dei fekk, var Jaser og alle byarne i Gilead og helvti av Ammonitarlandet alt til Aroer, som ligg midt for Rabba,

26 so landet deira rakk frå Hesbon til Ramat-Hammispe og Betonim og frå Mahanajim til Debirbygdi;

27 og i dalen fekk dei Bet-Haram og Bet-Nimra og Sukkot og Safon, det som var att av riket åt Sihon, kongen i Hesbon. Alt dette låg på austsida av Jordan, og fylkesdeilet fylgde Jordan heilt upp til sudenden av Kinneretsjøen.

28 Dette var det landet Gads-borni og ættgreinerne deira fekk til odel og eiga med byar og bygder.

29 Sidan gav Moses land åt halve Manasse-ætti, so dei og, den eine helvti av Manasse-sønerne og ættgreinene deira fekk sin lut.

30 Dei fekk landet burtanfor Mahanajim: heile Basan, heile riket åt Og, kongen i Basan, og alle tjeldbyarne åt Ja’ir i Basan, seksti byar,

31 og helvti av Gilead, og Astarot og Edre’i, kongebyarne åt Og i Basan. Alt dette fekk sønerne åt Makir, son åt Manasse, helvti av Makirs-borni og ættgreinerne deira.

32 Dette var den odelsjordi Moses luta ut, på Moabmoarne austanfor Jordanåi, som renn frammed Jeriko.

33 Men Levi-ætti gav han ikkje noko odelsland. Herren, Israels Gud, er deira odel, soleis som han hadde lova deim.

14. kapitlet

1 No skal me nemna dei bygderne som Israels-sønerne fekk til odel og eiga i Kana’ans-landet, og som Eleazar, øvstepresten, og Josva Nunsson og hovdingarne yver Israels-ætterne luta ut åt deim,

2 og let deim draga strå um, soleis som Moses hadde sagt deim frå Herren. Det var halvtiande ætt som då fekk land;

3 for halvtridje ætt hadde Moses gjeve land på hi sida Jordan, men levitarne hadde han ikkje gjeve noko odelsland millom deim.

4 Josefs-sønerne var tvo ætter, Manasse og Efraim; og levitarne fekk ingen lut i landet, anna enn nokre byar til å bu i, med bumark åt feet og bølingarne deira.

5 Som Herren hadde sagt Moses fyre, so gjorde Israels-sønerne, og skifte landet.

6 Då gjekk Juda-sønerne fram for Josva i Gilgal, og Kaleb Jefunneson av Kenaz-ætti sagde til honom: «Du veit kva Herren sagde med Moses, gudsmannen, um meg og deg, då me var i Kades-Barnea.

7 Eg var fyrti år gamall då Moses, Herrens tenar, sende meg ut frå Kades-Barnea til å njosna i landet, og då eg kom attende, sagde eg frå um alt, som eg best skyna det.

8 Felagerne mine, som hadde vore med meg, skræmde folket so dei vart modlause, men eg heldt meg trutt etter Herren, min Gud.

9 Og same dagen lyste Moses desse ordi: «Det landet du hev vore i, skal sant og visst høyra deg og borni dine til i all æva, for di du heldt deg so trutt etter Herren, min Gud.»

10 Og no ser du at Herren hev gjort som han lova! Han hev late meg liva fem og fyrti år sidan han tala desse ordi til Moses, all den tid som Israel ferdast i øydemarki, og no er eg fem år på femte tjuget.

11 Endå er eg likso sterk som eg var den dagen Moses sende meg ut, og likso før både til strid og til mitt daglege yrke.

12 So lat meg no få denne fjellbygdi, som Herren tala um den gongen; du høyrde sjølv på det. Der bur anakitarne, og der er store byar med høge murar ikring. Men eg trur visst Herren vil vel vera med meg, so eg fær slege deim under meg, soleis som han hev sagt.»

13 Då gav Josva Kaleb Jefunneson Hebron til odel og eiga, og ynskte lukka til.

14 Soleis var det Kaleb Jefunneson av Kenaz-ætti fekk Hebron, og sidan hev den eigedomen fylgt ætti hans alt til denne dag, for di han heldt seg so trutt etter Herren, Israels Gud.

15 Hebron heitte fyrr Arbabyen, etter den største mannen millom anakitarne. Då var det ende på ufreden, og landet fekk ro.

15. kapitlet

1 Juda-sønerne og ættgreinerne deira fekk sin lut burtimot Edomlandet, sudmed Sinheidi, lengst sud.

2 Landskilet deira gjekk på sudsida ut frå enden av Saltsjøen, frå den viki som sting lengst i sud,

3 tøygde seg sud um Skorpionskardet, og tok so yver til Sin og uppetter sunnanfor Kades-Barnea; so gjekk skiftelina yver til Hesron og upp til Addar; der svinga ho burt til Karka,

4 tok so burtetter til Asmon, kom fram ved Egyptarlands-bekken, og enda utmed havet. «Dette», sagde Herren, «skal vera landskilet dykkar i sud.»

5 I aust fylgde landskilet Saltsjøstrandi, alt til Jordanosen. På nordsida gjekk fylkesdeilet frå vatsbotnen, frå Jordanosen,

6 upp til Bet-Hogla og heldt so frametter nordanfor Bet-ha-Araba, upp til Bohan-Rubensson-steinen.

7 So tok skiftelina frå Akordalen, til Debir; der svinga ho nordetter til den steinkrinsen, som ligg beint imot Adummimkleivi, sunnanfor dalen, og gjekk so yver til En-Semeskjelda og fram til En-Rogel.

8 Sidan tok ho upp til Hinnomssonsdalen, til sudsida av Jebusitaråsen, der Jerusalem ligg, og steig upp til toppen av det fjellet som er beint i vest for Hinnomsdalen, ved nordenden av Kjempesletta.

9 Frå den fjelltoppen stemnde skiftelina burtåt Me-Neftoahkjelda, heldt fram til byarne på Efronheidi, og tok so burtetter til Ba’ala, den byen som no heiter Kirjat-Jearim.

10 Frå Ba’ala svinga ho vestetter til Se’irfjellet, tok yver til nordhallet av Jearimfjellet, der Kesalon ligg, og gjekk so ned til Bet-Semes, og fram til Timna.

11 Sidan heldt skiftelina nordetter til Ekronåsen; der svinga ho burt til Sikron, tok so yver til Ba’alafjellet, kom fram ved Jabne’el, og enda utmed havet.

12 I vest var det Storhavet som var grensa. Dette var landskili åt Juda-sønerne og ættgreinerne deira, på alle sidor.

13 Kaleb Jefunneson fekk sin lut millom Juda-sønerne, etter det som Herren hadde sagt med Josva. Det var den byen som heitte etter Arba, far åt Anak, og som me no kallar Hebron.

14 Kaleb dreiv ut dei tri anakitarne som budde der, Sesai og Ahiman og Talmai, borni åt Anak.

15 Sidan for Kaleb mot Debir-buarne; Debir heitte fyrr Kirjat-Sefer.

16 Då lova han ut at den som kunde taka Kirjat-Sefer, skulde få Aksa, dotter hans.

17 Otniel, son åt Kenaz, bror åt Kaleb, tok byen, og Kaleb gav honom Aksa.

18 Då so ho skulde flytja heim til honom, eggja ho honom til å beda far hennar um ein jordveg, og sjølv hoppa ho ned av asnet. «Kva er det du vil?» spurde Kaleb.

19 «Gjev med ei velfargåva!» svara ho. «Du hev gift meg burt til dette turre Sudlandet; gjev meg no vatskjeldor!» So gav han henne Øvregullot og Nedregullot.

20 No skal me nemna dei eigedomarne som Juda-ætti og greinerne hennar fekk:

21 Byarne i Sudlandet, ytst i Judafylket, burtimot Edomskiftet, det var Kabse’el og Eder og Jagur

22 og Kina og Dimona og Adada

23 og Kedes og Hasor og Jitnan,

24 Zif og Telem og Bealot

25 og Hasor-Hadatta og Kerijot-Hesron, som no heiter Hasor,

26 Amam og Sema og Molada

27 og Hasur-Gadda og Hesmon og Bet-Pelet

28 og Hasar-Sual og Be’erseba og Bizjotja,

29 Ba’ala og Ijjim og Esem

30 og Eltolad og Kesil og Horma

31 og Siklag og Madmanna og Sansanna

32 og Lebaot og Silhim og Ajin og Rimmon, i alt ni og tjuge byar, med grenderne som låg ikring.

33 I låglandet: Estaol og Sora og Asna

34 og Zanoah og En-Gannim, Tappuah og Enam,

35 Jarmut og Adullam, Soko og Azeka

36 og Sa’arajim og Aditajim og Gedera med Gederotajim, fjortan byar, med grenderne ikring,

37 Senan og Hadasa og Migdal-Gad

38 og Dilan og Mispe og Jokte’el,

39 Lakis og Boskat og Eglon

40 og Kabbon og Lahmas og Kitlis

41 og Gederot, Bet-Dagon og Na’ama og Makkeda, sekstan byar med grenderne ikring,

42 Libna og Eter og Asan

43 og Jiftah og Asna og Nesib

44 og Ke’ila og Aksib og Maresa, ni byar med grenderne ikring,

45 Ekron med bygder og grender,

46 og alt som låg millom Ekron og havet på Asdodsida, med grenderne som høyrde til,

47 Asdod med bygder og grender, Gaza med bygder og grender, radt burt til Egyptarlands-bekken og ut til Storhavet; det var grensa der.

48 I fjellbygderne: Samir og Jattir og Soko

49 og Danna og Kirjat-Sanna, som no heiter Debir,

50 og Anab og Estemo og Anim

51 og Gosen og Holon og Gilo, elleve byar, med grenderne ikring,

52 Arab og Duma og Esan

53 og Janim og Bet-Tappuah og Afeka

54 og Humta og Kirjat-Arba, som no heiter Hebron, og Sior, ni byar med grenderne ikring,

55 Maon, Karmel og Zif og Juta

56 og Jizre’el og Jokdeam og Zanoah,

57 Kajin, Gibea og Timna, ti byar med grenderne ikring,

58 Halhul, Bet-Sur og Gedor

59 og Ma’arat og Bet-Anot og Eltekon, seks byar med grenderne ikring,

60 Kirjat-Ba’al, som sidan vart kalla Kirjat-Jearim, og Rabba, tvo byar med grenderne ikring.

61 I øydemarki: Bet-ha-Araba, Middin og Sekaka

62 og Nibsan og Ir-Hammelah og En-Gedi, seks byar med grenderne ikring.

63 Men Juda-sønerne vann ikkje driva ut jebusitarne, som budde i Jerusalem; dei hev vorte buande i hop med Juda-sønerne i Jerusalem alt til denne dag.

16. kapitlet

1 Den landsluten som fall på Josefs-sønerne, tok til aust med Jordanåi, der ho renn frammed Jeriko, og gjekk um Jerikokjelda gjenom øydemarki som stig frå Jeriko uppyver fjellet til Betel.

2 Frå Betel heldt bytestrengen fram til Luz, og gjekk so burtyver til Arkiteigni, til Atarot;

3 der tok han vestetter ned til Jafletiteigni, heldt fram til Nedre Bet-Horoneigni og Gezer, og enda utmed havet.

4 Dette var det landet som Josefs-borni, Manasse og Efraim, fekk til odel og eiga.

5 Landet åt Efraims-sønerne og ættgreinerne deira låg soleis til: Fylkesdeilet gjekk på austkanten frammed Atrot-Addar, tok burtetter til Øvre Bet-Horon,

6 og enda utmed havet. På nordsida gjekk fylkesdeilet frammed Mikmetat og vende seg austetter til Ta’anat-Silo; sidan heldt bytestrengen fram i aust til Janoah,

7 og tok frå Janoah ned til Atarot og Na’ara, snart innåt Jeriko, og gjekk ut i Jordan.

8 Frå Tappuah gjekk fylkesdeilet vestetter til Kanabekken, og enda utmed havet. Dette var odelseiga åt Efraims-sønerne og ættgreinerne deira,

9 og attåt det dei byarne som vart utskilde åt Efraims-sønerne i Manassefylket, både byarne og grenderne som låg ikring.

10 Men Efraims-sønerne dreiv ikkje ut dei kananitarne som budde i Gezer; Kananitarne vart buande i Efraimsfylket, som dei gjer den dag i dag, men laut gjera trælearbeid.

17. kapitlet

1 So fekk Manasse-ætti sin lut; for Manasse var eldste son åt Josef. Makir, eldste son åt Manasse og far åt Gilead, var ein gjæv stridsmann; difor fekk han Gilead og Basanlandet.

2 Dei andre Manasse-sønerne fekk og land, kvar ættgrein for seg: borni åt Abiezer og sønerne åt Helek og borni åt Asriel og sønerne åt Sekem og sønerne åt Hefer og sønerne åt Semida; det var borni åt Manasse, son åt Josef, og ættgreinerne deira på mannssida.

3 Men Selofhad, son åt Hefer, som var son åt Gilead og soneson åt Makir, son åt Manasse, hadde ingi søner, berre døtter; og døtterne heitte Mahla og Noa og Hogla og Milka og Tirsa.

4 Dei gjekk fram for Eleazar, øvstepresten, og Josva Nunsson og hovdingarne, og tala so: «Herren sagde til Moses at han skulde gjeva oss odelsjord tilliks med frendarne våre.» So fekk dei odelsjord tilliks med farbrørne sine, soleis som Herren hadde sagt.

5 Det var ti partar som fall på Manasse, umfram Gilead- og Basanlandet austanfor Jordan;

6 for døtterne åt Manasse fekk odel tilliks med sønerne hans. Men Gileadlandet hadde dei andre Manasse-ætterne fenge.

7 Fylkesdeilet åt Manasse gjekk frå Aser til Mikmetat, som ligg midt for Sikem; so tok bytestrengen til høgre til En-Tappuahgrenderne.

8 Manasse fekk Tappuahbygdi; men Efraims-sønerne fekk byen; han låg tett innåt Manasseskiftet.

9 So gjekk fylkesdeilet ned til Kanabekken, på sudsida av bekken; men byarne der høyrde Efraim til, endå dei låg millom Manassebyarne. Sidan gjekk fylkesdeilet åt Manasse på nordsida av bekken, til det enda utmed havet;

10 Efraim fekk det som var sunnanfor, og Manasse det som var nordanfor. So var havet grensa, og sidan skifte dei med Aser i nord og med Issakar i aust.

11 I Issakarsfylket og i Asersfylket fekk Manasse Bet-Sean med bygderne ikring, og Jibleam med bygderne ikring, og Dor med grender og bygder, og En-Dor med grender og bygder, og Ta’anak med grender og bygder, og Megiddo med grender og bygder, alt som låg under dei tri høgderne.

12 Men Manasse-sønerne vann ikkje taka desse byarne, og kananitarne fekk tak til å halda seg der i landet.

13 Då Israels-sønerne vart sterkare, nøydde dei kananitarne til å træla for seg, men dreiv deim ut gjorde dei ikkje.

14 Josefs-sønerne kom til Josva og sagde: «Kvi hev du gjeve oss berre ein lut til odel og eiga? Me er då eit mannsterkt folk, etter di Herren til dessa hev velsigna oss.»

15 «Er de so fjølmente,» sagde Josva, «so gakk upp i skogen, og ryd dykk jord der i Perizit- og Refaitlandet, sidan Efraimsheidi er for trong for dykk.»

16 «Heidi rekk ikkje til for oss,» svara Josef-sønerne, «og alle kananitarne som bur i dalbygderne, hev jarnvogner, både dei i Bet-Sean og grenderne der ikring, og dei på Jizre’elsletta.»

17 Då sagde Josva til Josefs-ætti, Efraim og Manasse: «Mykje folk hev du, og sterk er du! Du skal få meir enn ein lut.

18 Men det er ei fjellbygd du fær; det er skog der, og den lyt du hogga, og landet skal vera ditt til ytste endarne; for kananitarne skal du driva ut, endå dei hev jarnvogner, og endå dei er sterke.»

18. kapitlet

1 So kom heile Israels-lyden saman i Silo, og der sette dei upp møtetjeldet; for no var landet vunne, og låg ope for deim.

2 Men endå var det att sju av Israels-ætterne som ikkje hadde skift odelsjordi si.

3 Då sagde Josva til Israels-sønerne: Kor lenge vil de drygja fyrr de kjem og eignar til dykk det landet som Herren, dykkar fedregud, hev gjeve dykk?

4 Kom med tri mann av kvar ætt, som eg kann senda i veg, so skal dei stella seg til, og fara kring i landet og skriva upp alt det dei ser, so me kann vita kor mykje der er å skifta; sidan skal dei koma attende til meg.

5 So skal de byta landet i sju luter og skifta deim millom dykk! Juda-sønerne skal verta verande i det landet dei hev fenge der sud, og Josefs-ætterne i sitt land her nord;

6 men de skal skriva upp alt som er i landet, i sju bolkar, og koma hit til meg med uppskrifti, so skal eg draga strå for dykk her, framfor Herrens, vår Guds, åsyn.

7 For levitarne fær ingen lut millom dykk; Herrens prestedøme skal vera deira arvlut. Og Gad og Ruben og den eine helvti av Manasse-ætti hev fenge sitt land austanfor Jordan, det landet som Moses, Herrens tenar, gav deim.

8 So gjorde mennerne seg reiduge til å fara, og då dei tok ut, sagde Josva med deim at dei skulde skriva upp alt dei såg i landet. «Tak i vegen,» sagde han, «og far kring i landet, og skriv upp alt, og kom attende til meg, so skal eg draga strå for dykk framfor Herrens åsyn her i Silo.»

9 Dermed tok mennerne av stad og for kring i landet, og skreiv upp bygd for bygd i ei bok, i sju bolkar. So kom dei attende til Josva, til Silo-lægret,

10 og Josva drog strå for deim, framfor Herrens åsyn; der, i Silo, skifte han landet millom Israels-ætterne, etter som dei hadde folk til.

11 Den fyrste luten fall på Benjamins-sønerne og ættgreinerne deira; det landet dei fekk, kom til å liggja millom Juda-sønerne og Josefs-sønerne.

12 Fylkesdeilet gjekk på nordsida upp frå Jordan og nordum Jerikoåsen og stemnde so vestetter upp på fjellet og fram til Bet-Avenheidi.

13 Derifrå tok det burtyver til Luz, sunnanfor Luzåsen, der Betel ligg, og gjekk so ned til Atrot-Addar, og upp på det fjellet som ligg sunnanfor Nedre Bet-Horon.

14 So gjorde skiftelina ein sving, og vende seg, på vestsida, sudetter frå det fjellet som ligg beint sunnanfor Bet-Horon, til ho enda innmed Kirjat-Ba’al, ein by som høyrde Juda-sønerne til; no heiter han Kirjat-Jearim. Dette var vestsida.

15 På sudsida gjekk fylkesdeilet frå enden av Kirjat-Jearim - der var det skiftelina tok til i vest - og fram til Me-Neftoahkjelda.

16 So gjekk skiftelina ned til foten av fjellet som ligg austanfor Hinnomssonsdalen, nordanfor Kjempesletta, tok so ned Hinnomsdalen til sudsida av Jebusitaråsen og ned til En-Rogel.

17 Sidan svinga ho mot nord og gjekk fram til En-Semes og til dei steinkrinsarne som ligg midt for Adummimkleivi, og tok so ned til Bohan-Rubensson-steinen.

18 Der tok ho yver til den åsen som ligg rett i nord for Araba, og so ned til Araba.

19 Sidan heldt ho fram til nordsida av Bet-Hoglaåsen, og enda i den nørdste viki av Saltsjøen, attmed Jordanosen. Dette var fylkesdeilet i sud.

20 På austsida var det Jordan som var deile. Dette var odelsjordi åt Benjamins-sønerne og ættgreinerne deira, med fylkesdeilderne rundt ikring.

21 Byarne som Benjamins-ætti og greinerne hennar var: Jeriko og Bet-Hogla og Emek-Kesis

22 og Bet-ha-Araba og Semarajim og Betel

23 og Avvim og Happara og Ofra

24 og Kefar-ha-Ammoni og Ofni og Geba, tolv byar med grenderne ikring;

25 Gibeon og Rama og Be’erot

26 og Mispe og Kefira og Hammosa

27 og Rekem og Jirpe’el og Tarala

28 og Sela, Elef og Jebus, som no heiter Jerusalem, og Gibat og Kirjat, fjortan byar, med grenderne ikring. Dette var landet åt Benjamins-sønerne og ættgreinerne deira.

19. kapitlet

1 Den andre luten fall på Simeon, på Simeons-sønerne og ættgreinerne deira. Det landet dei fekk, låg midt i Judafylket.

2 Til Simeonsfylket høyrde Be’erseba og Seba og Molada

3 og Hasar-Sual og Bala og Esem

4 og Eltolad og Betul og Horma

5 og Siklag og Bet-Hammarkabot og Hasar-Susa

6 og Bet-Leabot og Saruhen - trettan byar med grenderne som høyrde til;

7 Ajin, Rimmon og Eter og Asan, fire byar, med grenderne som høyrde til,

8 og alle bygderne som låg ikring desse byarne, alt til Ba’alat-Be’er, eller Rama, i Sudlandet. Dette var odelsjordi åt Simeons-ætti og greinerne hennar.

9 Dei fekk odelseiga si i det landet som var mælt ut til Juda-sønerne. Den luten som fall på Juda-sønerne, vart for stor åt deim; difor var det at Simeons-sønerne fekk landet sitt midt i deira land.

10 Den tridje luten fall på Sebulons-sønerne og ættgreinerne deira. Det landet dei fekk, rakk til Sarid.

11 Fylkesdeilet gjekk i vest upp til Marala, gjekk frammed Dabbeset og nådde den bekken som renn austanfor Jokneam.

12 I aust, der soli kjem upp, vende det seg frå Sarid burt imot Kislot-Taborbygdi, heldt fram til Daberat og gjekk upp til Jafia.

13 Derifrå tok det, på solsida, austsida, yver til Gat-Hefer og Et-Kasin, heldt fram til Rimmon og svinga burt til Nea.

14 So vende deilet seg nordetter til Hannaton og enda i Jiftaheldalen.

15 I Sebulonsfylket låg og Kattat og Nahalal og Simron og Jidala og Betlehem; i alt var der tolv byar med grender ikring.

16 Dette var det landet Sebulons-sønerne og ættgreinerne deira fekk til odel og eiga med byar og bygdar.

17 Issakar var det som fekk den fjorde luten, Issakars-sønerne og ættgreinerne deira.

18 I landet deira låg Jisre’ela og Kesullot og Sunem

19 og Hafarajim og Sion og Anaharat

20 og Rabbit og Kisjon og Ebes

21 og Remet og En-Gannim og En-Hadda og Bet-Passes.

22 Fylkesdeilet snart innåt Tabor og Sahasuma og Bet-Semes, og enda i Jordan. I alt var der sekstan byar med grender ikring.

23 Dette var det landet som Issakars-ætti og greinerne hennar fekk til odel og eiga, med byar og bygder.

24 Den femte luten fall på Assers-ætti og greinerne hennar.

25 I deira land låg Helkat og Hali og Beten og Aksaf

26 og Allammelek og Amad og Misal. Fylkesdeilet nådde i vest til Karmel og Libnatåi;

27 i aust tok det leidi til Bet-Dagon og gjekk so nordetter frammed Sebulonsfylket og Jiftaheldalen til Bet-ha-Emek og Ne’iel; sidan heldt det fram på vinstre hand til Kabul

28 og Ebron og Rehob og Hammon og Kana, alt burt til Stor-Sidon.

29 So vende deilet seg mot Rama, og heldt fram til Tyrusborgi; der ifrå tok det leidi til Hos, og gjekk ut i havet ikkje langt frå Akzib.

30 Umma og Afek og Rehob låg og i dette fylket. I alt var der tvo og tjuge byar med grender ikring.

31 Dette var det landet som Assers-ætti og greinerne hennar fekk til odel og eiga, med byar og bygder.

32 På Naftali-sønerne fall den sette luten, på Naftali-sønerne og ættgreinerne deira.

33 Fylkesdeilet deira gjekk frå Helef, frå Besa’annim-eiki, um Adami-Hannekeb og Jabne’el, heldt fram til Lakkum, og gjekk ut i Jordan.

34 So vende deilet seg vestetter til Aznot-Tabor, og heldt fram til Hukkok. I sud skifte dei med Sebulon, og i vest med Asser; i aust fylgde skiftelina Jordan.

35 Av faste byar var der: Siddim, Ser og Hammat, Rakkat og Kinneret

36 og Adama og Rama og Hasor

37 og Kedes og Edre’i og En-Hasor

38 og Jiron og Migdal-El, Horem og Bet-Anat og Bet-Semes. I alt var der nittan byar med grender ikring.

39 Dette var det landet Naftali-ætti og greinerne hennar fekk til odel og eiga med byar og bygder.

40 På Dans-ætti og greinerne hennar fall den sjuande luten.

41 I deira fylkesland låg Sora og Estaol og Ir-Semes

42 og Sa’alabbin og Ajjalon og Jitla

43 og Elon og Timnata og Ekron

44 og Elteke og Gibbeton og Ba’alat

45 og Jehud og Bene-Berak og Gat-Rimmon

46 og Me-Hajarkon og Rakkon og bygderne burtmed Joppe.

47 Men Danseiga rakk vidare enn so: Dans-sønerne for nordetter, og tok på Lesem-buarne; dei vann landet deira, og øydde det med odd og egg; sidan lagde dei det under seg og vart buande der; og i staden for Lesem kalla dei bygdi Dan etter ættefaren sin.

48 Dette var det landet Dans-ætti og greinerne hennar fekk til odel og eiga med byar og bygder.

49 Då Israels-sønerne vel hadde skift ut heile Kana’ans-landet, so vidt som det var, let dei Josva Nunsson få ei odelseiga millom seg;

50 dei gav honom, etter Herrens bod, den byen han bad um, Timnat-Serah på Efraimsfjellet; og han bygde upp byen, og busette seg der.

51 Dette var dei odelseigorne som Eleazar, øvstepresten, og Josva Nunsson og hovdingarne yver Israels ætter og ættgreiner luta ut i Silo, for Herrens åsyn i møtetjelddøri. Dermed var dei ferdige med å skifta ut landet.

20. kapitlet

1 Og Herren tala til Josva og sagde:

2 «Seg til Israels-sønerne at dei skal lata upp dei fredstaderne som eg hadde Moses til å tala til dykk um,

3 so den som av vanvare og uviljande hev drepe eit menneskje, kann få røma dit, og desse byarne soleis kann vera dykk til ei trygd mot blodhemnaren.

4 Dråpsmannen skal røma til ein av deim; han skal stiga fram i byporten og tala si sak for styresmennerne i byen, og dei skal taka vel imot honom og gjeva honom ein bustad hjå seg.

5 Når so blodhemnaren kjem etter, skal dei ikkje lata honom få tak i dråpsmannen, so sant det er uviljande han hev drepe ein mann, og han ikkje bar hat til honom frå fyrr.

6 Han skal bu der i byen til han hev stade fram for lyden og fenge sin dom, og so til den øvstepresten som då liver, er avliden; då kann dråpsmannen fara heim att til sin eigen by og til huset sitt, til den byen han laut røma ifrå.»

7 Då vigde dei desse byarne til fredstader: Kedes i Galilæa på Naftalifjellet og Sikem på Efraimsfjellet og Kirjat-Arba, som no heiter Hebron, på Judafjellet.

8 Og austanfor Jordan, som renn frammed Jeriko, let dei upp desse: i Rubensfylket: Beser i øydemarki, på høgsletta; i Gadsfylket: Ramot i Gilead; i Manassefylket: Golan i Basan.

9 Dette var dei byarne som vart kåra til fredstader åt alle Israels-sønerne og åt dei framande som heldt til hjå deim, so den som av vanvare drep eit menneskje, kunde røma dit og ikkje skulde døy for hemnarhand, fyrr han hev stade til doms for lyden.

21. kapitlet

1 Medan dei var i Silo i Kana’ans-landet, gjekk ættefederne åt levitarne gjekk fram for Eleazar, øvstepresten, og Josva Nunsson og ættefederne åt Israels-sønerne,

2 og tala soleis til deim: «Moses kom med det bodet frå Herren at me skulde få byar til å bu i, med bumark ikring åt feet vårt.»

3 Og Israels-sønerne gjorde som Herren hadde sagt, og gav levitarne av sitt eige land dei byarne me snart skal nemna, med bumarki som låg ikring.

4 Då dei no drog strå, fall den fyrste luten på Kahats-sønerne; dei levitarne som var ætta frå Aron, øvstepresten, fekk trettan byar hjå Juda-ætti og Simeons-ætti og Benjamins-ætti,

5 og dei andre Kahats-sønerne fekk for sin lut ti byar hjå Efraims ættgreiner og Dans-ætti og den eine helvti av Manasse-ætti.

6 Gersons-sønerne fekk for sin lut trettan byar hjå Issakars ættgreiner og Assers-ætti og Naftali-ætti og den helvti av Manasse-ætti som var i Basan.

7 Merari-borni og ættgreinerne deira fekk tolv byar hjå Rubens-ætti og Gads-ætti og Sebulons-ætti.

8 Desse byarne, med bumarki som høyrde til, gav Israels-sønerne åt levitarne, soleis som Moses hadde sagt dei frå Herren, og let dei draga strå um deim.

9 I Judafylket og Simeonsfylket gav dei frå seg dei byarne som me no skal nemna ein for ein:

10 det var Arons-sønerne av Levi-ætti, Kahat-greini, som fekk dei; for deim fall den fyrste luten på.

11 Dei gav deim den byen på Judafjellet som heitte etter Arba, ættefaren åt anakitarne, og som me no kallar Hebron, med bumarki som låg rundt ikring;

12 men åkerlandet og gardarne som høyrde til byen, gav dei Kaleb Jefunneson til odel og eiga.

13 Dei som var ætta frå Aron, øvstepresten, fekk i desse tvo fylki både Hebron, som var fristad for dråpsmenner, og Libna

14 og Jattir og Estemoa

15 og Holon og Debir

16 og Ajin og Jutta og Bet-Semes, ni byar, med bumarki som høyrde til,

17 og i Benjaminsfylket Gibeon og Geba

18 og Anatot og Almon, fire byar, med bumarki som høyrde til.

19 Soleis fekk Arons-sønerne, prestarne, i alt trettan byar med bumark attåt.

20 No skal me nemna dei byarne som fall på dei andre Kahats-sønerne, dei levitiske Kahats-ætterne: Dei fekk i Efraimsfylket

21 Sikem, som var fristad for dråpsmenner, på Efraimsfjellet, og Gezer

22 og Kibsajim og Bet-Horon, fire byar, med bumarki som høyrde til,

23 og i Dansfylket Elteke og Gibbeton

24 og Ajjalon og Gat-Rimmon, fire byar, med bumarki som høyrde til,

25 og i det eine halve Manassefylket Ta’anak og Gat-Rimmon, tvo byar, med bumarki som høyrde til.

26 Det var i alt ti byar med bumark attåt som dei hine greinerne av Kahats-ætti fekk.

27 Levitarne av Gersons-greini fekk i det andre halve Manassefylket Golan i Basan, ein av fristaderne for dråpsmenner, og Be’estera, tvo byar, med bumarki som høyrde til,

28 og i Issakarsfylket Kisjon og Daberat,

29 Jarmut og En-Gannim, fire byar, med bumarki som høyrde til,

30 og i Assersfylket Misal og Abdon

31 og Helkat og Rehob, fire byar, med bumarki som høyrde til,

32 og i Naftalifylket Kedes i Galilæa, ein av fristaderne for dråpsmenner, og Hammot-Dor og Kartan, tri byar, med bumarki som høyrde til.

33 Soleis fekk gersonitarne og ættgreinerne deira i alt trettan byar med bumark attåt.

34 Dei som var att av levitarne, Merari-sønerne og ættgreinerne deira, fekk i Sebulonsfylket Jokneam og Karta

35 og Dimna og Nahalal, fire byar, med bumarki som høyrde til,

36 og i Rubensfylket Beser og Jahsa,

37 Kedemot og Mefa’at, fire byar, med bumarki som høyrde til,

38 og i Gadsfylket Ramot i Gilead, ein av fristaderne for dråpsmenner, og Mahanajim

39 og Hesbon og Jaser, fire byar, med bumarki som høyrde til.

40 Det var i alt tolv byar som fall på dei siste Levi-ætterne, Merari-sønerne og ættgreinerne deira.

41 Alt i alt fekk levitarne i odelslandet åt Israels-sønerne åtte og fyrti byar, med bumark attåt.

42 Desse byarne hadde kvar si bumark ikring seg; so var det med deim alle.

43 Soleis gav Herren Israel heile det landet som han hadde lova at han vilde gjeva federne deira, og dei eigna det til seg og vart buande der.

44 Og Herren let deim hava fred på alle leder, heiltupp soleis som han hadde lova federne deira. Ingen av alle uvenerne deira kunde standa seg imot deim; Herren gav alle fiendar i deira hender.

45 Ikkje eit einaste av alle dei gode ordi Herren hadde tala til Israels hus, vart um inkje; alt saman gjekk fram.

22. kapitlet

1 Då kalla Josva til seg rubenitarne og gaditarne og helvti av Manasse-ætti

2 og sagde til deim: «De hev gjort alt det Moses, Herrens tenar, sagde med dykk, og meg hev de og lydt i alt eg hev sagt.

3 I heile denne lange tidi hev de ikkje vike frå brørne dykkar; de hev halde dykk trutt etter det som Herren, dykkar Gud, sagde fyre.

4 Og no hev Herren, dykkar Gud, late brørne dykkar koma til ro, som han hadde lova deim; far no de heim att til tjeldbuderne dykkar, åt dykkar eige land, det som Moses, Herrens tenar, gav dykk på hi sida Jordan.

5 Men kom vel i hug å leva etter dei bodi og den lovi som Moses, Herrens tenar, lærde dykk, at de skal elska Herren, dykkar Gud, og all tid ganga på hans vegar, og halda bodi hans, og vera trugne imot honom, og tena honom av heile dykkar hjarta og all dykkar hug!»

6 So lyste Josva velsigning yver deim, og bad deim vel liva, og dei for heim att.

7 Den eine helvti av Manasse-ætti hadde fenge land i Basan av Moses, og den andre helvti hadde Josva gjeve land vestanfor Jordan, saman med brørne deira. Som no Josva gav deim heimlov og velsigna deim,

8 sagde han og til deim: «No fer de heim att med mange eignaluter og ovmykje bufe, med sylv og gull og kopar og jarn og ovmange klæde. Byt no med brørne dykkar det herfanget de hev teke frå fienden!»

9 So tok dei då på heimvegen, Rubens-sønerne og Gads-sønerne og helvti av Manasse-ætti; dei skildest med dei andre Israels-sønerne og for frå Silo i Kana’ans-landet attende til Gilead, sitt eige land, der dei hadde fenge seg bustad, soleis som Moses hadde lova deim frå Herren.

10 Men då dei kom til dei steinkrinsarne som er attmed Jordan, i Kana’ans-landet, sette dei upp eit altar der, attmed Jordan, eit stort og sjålegt altar.

11 Då fekk Israels-sønerne høyra at folk sagde: «Sjå, Rubens-sønerne og Gads-sønerne og helvti av Manasse-ætti hev sett upp eit altar burtmed Jordankrinsarne, fremst i Kana’ans-landet, på den sida som høyrer til Israels-sønerne;»

12 og då Israels-sønerne høyrde det, samla heile lyden seg i Silo, og vilde fara imot deim med ufred.

13 Men fyrst sende dei Pinehas, son åt Eleazar, øvstepresten, til Gileadlandet,

14 og saman med honom ti fyrstar, som var or kvar sitt fylke i Israel og hovdinger yver kvar si grein av Israels-ætterne.

15 Då so dei kom til Gileadlandet og fann Rubens-sønerne og Gads-sønerne og helvti av Manasse-ætti, tala dei soleis til deim:

16 «So segjer heile Herrens lyd: «Kva er dette for svik de no hev gjort mot Israels Gud, med di de no hev vendt dykk burt ifrå Herren og bygt dykk eit altar? Kvifor hev de no sett dykk upp imot Herren?

17 Var det ’kje nok med det brotet me gjorde då me heldt oss til Peor, so ulukka kom yver Herrens lyd? Det brotet hev me endå ikkje reinsa oss frå,

18 og so vender de dykk no burt frå Herren! Men set de dykk i dag upp imot Herren, so fær heile Israel i morgon kjenna hans vreide.

19 Eller tykkjer de det er ureint det landet de hev fenge til eigedom, so kom berre yver til Herrens eige land, der som Herrens hus stend, og få dykk ein bustad millom oss, men set dykk ikkje upp imot Herren, og set dykk ikkje upp imot oss, med di de byggjer dykk eit altar umfram altaret åt Herren, vår Gud!

20 For ikkje Akan Zerahsson og med svik då han tok av det som var vigt! Då råma vreiden heile Israels-lyden, og han var ikkje den einaste som laut døy for det brotet han hadde gjort.»»

21 Då tok Rubens-sønerne og Gads-sønerne og halve Manasse-ætti til ords og tala so til hovdingarne yver Israels-ætterne:

22 «Herren, den allvelduge Gud, veit det, ja Herren, den allvelduge Gud, han veit det, og Israel skal vita det, at det ikkje var i tråss og utruskap mot Herren

23 me bygde oss eit altar, og ikkje på den måten at me vilde venda oss burt frå Herren; var det det, so gjev du ikkje vilde hjelpa oss i dag! Ikkje heller var altaret bygt til å ofra brennoffer eller grjonoffer eller bera fram takkoffer på; var det so, då hemne Herren sjølv seg på oss!

24 Men det var ein ting me var rædde, difor gjorde me dette: me tenkte borni dykkar ein gong kunde koma til å segja til våre born: «Kva hev de å gjera med Herren, Israels Gud?

25 Hev ’kje Herren sett eit skilmerke, Jordan, millom oss og dykk, de Rubens-søner og Gads-søner! De eig ikkje med i Herren.» Soleis kunde borni dykkar få våre born til å halda upp med å ottast Herren.

26 So kom me på at me vilde byggja dette altaret, ikkje til brennoffer eller slagtoffer,

27 men det skulde vera eit vitne millom oss og dykk og millom dei ætterne som kjem etter oss, at me vil tena Herren for hans åsyn med brennofferi og slagtofferi og takkofferi våre, so ikkje borni dykkar ein gong skal segja til våre born: «De eig ikkje med i Herren!»

28 Skulde dei nokosinne segja sovore med oss eller etterkomararne våre, tenkte me, so vil me svara: «Sjå på det likjendet av Herrens altar som federne våre hev gjort, ikkje til å ofra brennoffer eller slagtoffer på, men til eit vitne millom oss og dykk!»

29 Aldri kunde det sviva oss i hugen at me no vilde setja oss upp imot Herren og venda oss burt ifrå honom og byggja noko altar til brennoffer eller grjonoffer eller slagtoffer umfram det altaret som stend framfor huset åt Herren, vår Gud.»

30 Då Pinehas, presten, og styresmennerne for lyden, og hovdingarne yver Israels-ætterne, som var med honom, høyrde kva Rubens-sønerne og Gads-sønerne og Manasse-sønerne sagde, lika dei det vel;

31 og Pinehas, son åt Eleazar, øvstepresten, sagde til Rubens-sønerne og Gads-sønerne og Manasse-sønerne: «No kann me skyna at Herren er midt imillom oss, sidan de ikkje hev gjort dette sviket imot honom; dermed hev de berga Israels-sønerne or Herrens vald.»

32 So skildest Pinehas Eleazarsson og hovdingarne med Rubens-sønerne og Gads-sønerne, og for frå Gileadlandet heim att til Kana’ans-landet, til Israels-sønerne, og sagde frå kva svar dei hadde fenge.

33 Og Israels-sønerne tykte godt um svaret; dei takka Gud og tenkte ikkje lenger på å taka ut i strid mot Rubens-sønerne og Gads-sønerne og øyda landet dei budde i.

34 Men Rubens-sønerne og Gads-sønerne kalla det altaret Vitne: «Eit vitne», sagde dei, «skal det vere imillom at Herren er den sanne Gud.»

23. kapitlet

1 Då lang tid var lidi, og Herren hadde late Israel få fred for alle fiendar rundt ikring, og Josva var gamall vorten og ut i åri komen,

2 då kalla Josva i hop heile Israel, styresmennerne og hovdingarne og domarane og formennerne deira, og sagde med deim: No er eg gamall og langt fram i åri;

3 og de hev sjølve set alt det Herren hev gjort med alle dei folki som laut røma for dykk; for det var Herren, dykkar Gud, som stridde for dykk.

4 Dei veit eg hev luta ut åt dykk, ætt for ætt, dei riki som endå er att, og like eins alle deim eg hev lagt i øyde, frå Jordan og til Storhavet der soli gjeng ned.

5 Herren, dykkar Gud, skal sjølv støyta desse folki ut og driva deim burt for dykk, og de skal få eigna til dykk landet deira, soleis som Herren, dykkar Gud, hev lova dykk.

6 So ver no urikkeleg støde til å halda og gjera alt det som er skrive i lovboki åt Moses! Vik aldri av ifrå det, korkje til høgre eller vinstre!

7 Gjev dykk ikkje i lag med desse folki, deim som er att hjå dykk! Tak ikkje namnet åt gudarne deira på tunga, sver ikkje ved deim, ten deim ikkje, og bed ikkje til deim,

8 men haldt fast ved Herren dykkar Gud, soleis som de hev gjort til denne dag!

9 Difor dreiv Herren ut for dykk store og sterke folkeslag, og ingen hev til dessa vore god til å standa seg mot dykk.

10 Ein einaste av dykk kunde jaga tusund; for det var Herren, dykkar Gud, som stridde for dykk, soleis som han hadde lova.

11 So agta no vel på dykk sjølve, so sant de hev livet kjært, og elska Herren, dykkar Gud!

12 For fell de ifrå, og held lag med dei folki som endå er att hjå dykk, og de gifter born i hop og blandar dykk med kvarandre,

13 so skal de vita for visst at Herren, dykkar Gud, aldri vil driva desse folki ut for dykk; men dei skal verta til ei snara og ei fella for dykk, og til ei svipa yver ryggen og tornar i augo dykkar, til dess de vert utrudde or dette gilde landet som Herren, dykkar Gud, hev gjeve dykk.

14 No fer eg snart den vegen alt her på jordi lyt fara. Kom då i hug, og lat det aldri ganga dykk or minne, at ikkje eit einaste av alle dei gode ordi som Herren, dykkar Gud, hev lyst yver dykk, hev vorte um inkje; alt hev gjenge fram; aldri eit ord hev vorte um inkje.

15 Men liksom det hev gjenge etter alle dei gode ordi som Herren, dykkar Gud, hev tala til dykk, soleis skal Herren lata alt det vonde han hev truga med koma yver dykk, til han hev rudt dykk ut or dette gilde landet som han hev gjeve dykk.

16 Bryt de sambandet med Herren, dykkar Gud, det som han hev sagt at det skal halda, og gjeng de av og tener andre gudar og bed til deim, då skal Herrens harm loga imot dykk, og de skal vonom snøggare verta utrudde or det gilde landet han hev gjeve dykk.

24. kapitlet

1 So samla Josva alle Israels-ætterne i Sikem, og kalla til seg styresmennerne i Israel og hovdingarne og domarane og formennerne deira, og dei steig fram for Guds åsyn.

2 Då tala Josva soleis til heile lyden: «So segjer Herren, Israels Gud: «På hi sida Storelvi budde i gamle dagar federne dykkar, millom deim Tarah, far åt Abraham og Nahor, og dei tente framande gudar.

3 Og eg henta Abraham, ættefaren dykkar, frå hi sida åt elvi og førde honom ikring i heile Kana’ans-landet; og eg auka ætti hans, og gav honom Isak.

4 Og Isak gav eg Jakob og Esau: Esau let eg få Se’irfjellet til eigedom, men Jakob og sønerne hans for ned til Egyptarland.

5 Sidan sende eg Moses og Aron, og heimsøkte egyptarane med dei plågorne de veit, og so førde eg dykk ut.

6 Då eg no førde federne dykkar ut or Egyptarland, kom de til sjøen; men egyptarane sette etter deim til Sevhavet med vogner og hestfolk.

7 Då ropa dei til Herren, og han sende eit tett myrker millom dykk og egyptarane, og let havet slå i hop yver deim og grava deim ned. Med eigne augo såg de kva eg gjorde i Egyptarland. Sidan var de lenge i øydemarki.

8 So førde eg dykk inn til landet åt amoritarne, som budde austanfor Jordan, og dei stridde mot dykk, men eg gav deim i dykkar hender; de eigna til dykk landet deira, og eg rudde deim ut for dykk.

9 Balak Sipporsson, kongen i Moab, budde seg til strid og tok på Israel; han sende bod på Bileam Beorsson, og bad honom lysa våbøn yver dykk;

10 men eg vilde ikkje lyda etter Bileam, og han laut velsigna dykk; soleis berga eg dykk ifrå honom.

11 So for de yver Jordan, og kom til Jeriko, og Jeriko-buarne stridde mot dykk, og det same gjorde amoritarne og perizitarne og kananitarne og hetitarne og girgasitarne, hevitarne og jebusitarne; men eg gav deim i dykkar hender.

12 Ein kvefsesvarm sende eg fyre dykk, og dei støkte deim burt for dykk, liksom båe amoritarkongarne; det var ikkje med sverdet ditt eller bogen du dreiv deim ut.

13 Eg gav dykk eit land som du ikkje hev havt noko stræv med, og byar som ikkje de hev bygt, og der sette de dykk ned; de et av vinhagar som de ikkje sjølve hev stelt til, og av oljetre som de ikkje hev sett.»

14 So ber då age for Herren og ten honom ærleg og trufast! Skil dykk av med dei gudarne som federne dykkar dyrka på hi sida Storelvi og i Egyptarland, og ten Herren!

15 Men hev de ikkje hug til å tena Herren, so vel i dag kven de vil tena, anten dei gudarne som federne dykkar austanfor Storelvi tente, eller gudarne åt amoritarne, som åtte det landet de bur i! Men eg og mitt hus me vil tena Herren.»

16 Då svara folket so: «Å, nei, aldri kunde me koma på slikt som å falla frå Herren og tena andre gudar!

17 For Herren er vår Gud! Han var det som førde oss og federne våre ut or Egyptarlandet, or slavehuset, og som gjorde desse store teikni for augo våre, og vara oss på heile den vegen me for og millom alle dei folkeslagi me laut framum.

18 Herren var det som dreiv burt for oss amoritarne som budde her i landet, og alle dei andre folki. Me og vil tena Herren; for han er vår Gud.»

19 «De er ikkje god til å tena Herren,» sagde Josva, «for han er ein heilag Gud; ein streng Gud er han; han vil ikkje hava tol med broti og synderne dykkar.

20 Fell de frå Herren og tener framande gudar, då kjem han til å taka ei onnor leid, og lata det ganga dykk ille og gjera ende på dykk, kor mykje godt han fyrr hev gjort dykk.»

21 «Jau, me vil tena Herren,» svara folket.

22 Då sagde Josva til folket: «So vitnar de då mot dykk sjølve at de hev valt Herren og vil tena honom.» «Ja, det vitnar me,» svara dei.

23 «Hav då burt dei framande gudarne som er hjå dykk,» sagde Josva, «og bøyg hjarta dykkar innåt Herren, Israels Gud!»

24 Og folket svara: «Ja, Herren, vår Gud, vil me tena, og hans ord vil me lyda.»

25 Den dagen gjorde Josva ei pakt med folket. Der i Sikem sette han deim lov og rett,

26 og skreiv alt upp i Guds lovbok. So tok han ein stor stein og reiste upp under ei eik som stend frammed heilagdomen åt Herren,

27 og tala soleis til heile folket: «Denne steinen skal vera vitne imot oss, han hev høyrt kvart ord som Herren hev tala med oss, og han skal vera vitne mot dykk, so de ikkje gløymer Herren, dykkar Gud.»

28 So bad Josva farvel med folket, og dei for heim att, kvar til sin eigedom.

29 Ei tid etter dette hadde hendt, andast Josva Nunsson, Herrens tenar; han var då hundrad og ti år gamall.

30 Han vart gravlagd på sin eigen gard og grunn, i Timnat-Serah på Efraimsheidi, nordanfor Ga’asfjell.

31 Israel tente Herren so lenge Josva var til, og so lenge dei gamle var til som livde etter Josva og kjende til alt det som Herren hadde gjort for Israel.

32 Beini åt Josef, som Israels-sønerne hadde ført med seg frå Egyptarland, gravla dei attmed Sikem, på den marki som Jakob hadde kjøpt av sønerne åt Hemor, far hans Sikem, for hundrad gullpenger, og som Josefs-borni hadde fenge til odel og eiga.

33 Sidan døydde Eleazar, son åt Aron, og vart gravlagd i Gibea på Efraimsheidi, ein by som hadde vorte gjeven åt Pinehas, son hans.

Opphavsrett: Studentmållaget i Oslo © 1921 - 2024